• Eg er ved godt mot og har ikkje gjeve opp kampen om 2. plassen på stortingslista. Ei votering mellom medlemene gav meg suveren 1. plass.

Dette seier stortingsrepresentant Anita Apelthun Sæle til Bergens Tidende.

For vel tre veker sidan kunne Bergens Tidende melde at styra i lokallaga innan Kr. F. i Hordaland har vraka Anita Apelthun Sæle og Ingemar Ljones under den innleiande nominasjonsprosessen. Begge er i dag stortingsrepresentantar.

— Suveren førsteplass

Nå slår Sæle kraftig tilbake:

— Nominasjonsprosessen er heilt i startfasen. Det er berre styra i lokallaga som har uttala seg. Det er også gjennomførd ei votering mellom medlemene i fleire av lokallaga. Medlemene vart bedne om å setje opp fem namn. Når det gjeld dei personlege røystene har eg fått suveren førsteplass, seier Sæle til Bergens Tidende.

Ifylgje Sæle var det 150 medlemer i dei tre sterkaste lokallaga, Fjell, Bømlo og Bergen, som deltok i denne prosessen.

- Aksjonsprega. Null verdi

Fylkesleiaren i Hordaland Kr.F., Torill Selsvold Nyborg, avfeiar voteringsresultatet som Sæle slår i bordet, på denne måten:

— Det var ei aksjonsprega og lite representativ votering der ein har gått mann av huse og stemt på «sin» kandidat. Det ser ein av forslagslistene. Eg forstår det slik at nominasjonskomiteen har lagt null vekt på resultatet.

Torill Selsvold Nyborg, som også er fylkesordførar i Hordaland, kan fortelje at «voteringa» vart gjennomførd mellom medlemene via e-post. Det gjorde at berre dei som hadde slik tilgang, kunne delta, og at ein også veit kven som har kome med framlegga.

Fordel for Hareide

Nyborg er sjølv kandidat til stortingsvallista. Etter lokallagsnominasjonane fekk ho tredje flest plasseringar (21), etter Ingebrigt Sørfonn (30) og Knut Arild Hareide (23). Dei fleste laga ville ha henne på 4.plass. Barne- og familieminister Laila Dåvøy fekk 18, Ingemar Ljones 15 og Anita Apelthun Sæle 14.

Nyborg er heilt klar på at det er eit nytt viktig moment i favør av Hareide, at han, etter at denne voteringa var avslutta, er blitt medlem av Regjeringa.

— Det er heilt klart at det blir tøffe tak for nominasjonskomiteen og at lokallaga står framfor ei vanskeleg oppgåve når dei skal sende inn sine endelege framlegg innan utgangen av august, seier Nyborg.

SUVEREN: Anita Apelthun Sæle slår i bordet med ei medlemsvotering «som har gjeve meg suveren førsteplass» i kampen om stortingsnominasjonen.