Ein kar i førtiåra gjekk amok på Vangen på Voss i dag.

— Det var litt før klokka åtte i dag tidleg mannen ringde etter ambulanse. Han skal ha skadd seg i eit fall. Då ambulansefolka kom, gjekk han til angrep på dei. Dei tilkalla politiet og vi måtte bruka peparspray for å roa han ned, seier politioverbetjent Jon Olav Heggseth ved Voss lensmannskontor til bt.no.

- Kvifor gjekk han til åtak på ambulansefolka?

— Nei, det veit vi ikkje. Han var ikkje rusa og ikkje alvorleg skadd. Vi frakta han til arresten og fekk lege til han. Han roa seg kraftig ned og vart sendt på sjukehuset, seier Heggseth.

Mannen som er busett på Voss, vert meldt for forholdet.