Angrep ambulansefolk

Ringde ambulanse. Då dei kom fram, slo han til dei. Politiet måtte bruke peparspray.

Ein kar i førtiåra gjekk amok på Vangen på Voss i dag.

- Det var litt før klokka åtte i dag tidleg mannen ringde etter ambulanse. Han skal ha skadd seg i eit fall. Då ambulansefolka kom, gjekk han til angrep på dei. Dei tilkalla politiet og vi måtte bruka peparspray for å roa han ned, seier politioverbetjent Jon Olav Heggseth ved Voss lensmannskontor til bt.no.

- Kvifor gjekk han til åtak på ambulansefolka?

- Nei, det veit vi ikkje. Han var ikkje rusa og ikkje alvorleg skadd. Vi frakta han til arresten og fekk lege til han. Han roa seg kraftig ned og vart sendt på sjukehuset, seier Heggseth.

Mannen som er busett på Voss, vert meldt for forholdet.

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger