Hendinga skjedde i ein kystkommune i Sogn og Fjordane i desember i fjor. Den no 39 år gamle mannen skulle transporterast til Førde sentralsjukehus for å leggjast inn på psykiatrisk avdeling. I ambulansen blei mannen aggressiv, han sparka rundt seg og øydela inventar.

Ved ankomst på legekontoret skulle mannen undersøkjast av vakthavande lege. Etter å ha helsa på kvarandre, slo 36-åringen legen i hovudet slik at han falt på bakken. Han heldt fram å sparke mannen i sida medan offeret låg på bakken. Ved hjelp av ein ambulansesjåfør kom legen seg på beina.

Overmanna av lensmannen

Angrepsmannen heldt fram å sparke etter legen, som fleire gongar snubla og falt på bakken, før han til slutt klarte å rømme. I ambulansen hadde ein hjelpepleiar søkt tilflukt med dørene låst. 39-åringen sparka og slo mot bilen, knuste fleire vindauge på legekontoret og kasta ein stor stein mot legen sin bil.

Mannen blei først overmanna då lensmannen kom til staden og fekk sett på han handjern.

Psykiske reaksjonar

Legen blei sjukmeldt i ei veke på grunn av store smerter, og seinare tre månader på grunn av psykiske reaksjonar.

I retten forklarte 39-åringen at han berre hugsar brøkdelar av episoden, men erkjende likevel straffeskuld.

Fengsel og samfunnstraff

For alvorleg valdshandling mot ein offentleg tenestemann og skadeverk dømde Fjordane tingrett mannen til fengsel i 21 dagar og samfunnsstraff i 120 timar. Dommen er noko mildare enn aktor bad om.

I formildande retning blei det lagt vekt på den vanskelege situasjonen mannen var i på grunn av innlegginga på psykiatrisk avdeling. At mannen valde å drikke store mengder alkohol, som han vert aggressiv av, gjer at retten tillegg dette mindre vekt. 39-åringen har uttrykt anger og bedt om unnskyldning i etterkant av valdsepisoden.

Mannen må også betale 100.000 kroner i erstatning til Gjensidige Nor på grunn av skadeverket på legen sin bil.