• Vi blei ueinige om vegen og skilde lag, seier Amund Håland (17) og Pierre Fagard (18). Fyrstikker, god allvêrsjakke og bukse redda truleg livet til belgiaren.

— Eg var ganske uroleg. Tenk om han låg der oppe med brekt fot, seier Amund Håland. Natt til måndag var vond for 17-åringen frå Aksdal utanfor Haugesund.

Han visste at den belgiske utvekslingsstudenten, som hadde budd seks veker hjå familien hans, var åleine ein eller annan stad i fjellet ved Åkrafjorden.

Laurdag gjekk dei to turglade ungdommane til fjells frå Kyrping i Etne. Dei overnatta på ei privat hytte og skulle søndag gå ned att ved Langfoss. Gutane følgde turiststigen, men gjekk ein kilometer for langt. Dei blei ueinige om retninga og gjekk kvar sin veg.

-Ikkje lurt å skilja lag

— Eg sat og venta på han ved ein støl i 15 minuttar, så gjekk eg ned. I ettertid har det vist seg at han var berre ti minuttar etter meg, fortel Amund.

Då han kom ned ved Langfoss i 17-tida søndag, fekk han raskt varsla frå om at kameraten var att i fjellet. Ein leiteaksjon med Sea King redningshelikopter og mannskap frå Raude Krossen i Odda og Etne leita utover kvelden og natta.

— Dette er ein stygg plass. Fjellet går loddrett ned og det finst berre ein veg ned. Seinare viste det seg at guten hadde gått i retur, mykje lenger enn me hadde trudd, seier lensmann i Etne, Jan Erik Matre.

Han er kritisk til at gutane skilde lag oppå høgfjellet.

— Når ein er på ein slik stad, bør ein ikkje utfordra lagnaden. Det var ikkje særleg lurt å skilja lag. Ein skal visa respekt for fjellet, seier lensmannen.

Dukka opp hos bestemora

Medan leitemannskap søkte ved Langfoss, hadde belgiaren gått sørvestover same veg han kom frå. På ei hytte fann han fyrstikker før han gjekk ned mot Markhus.

— Han hadde gått nedover, men så blei det heilt mørkt. Han måtte liggja ute og fyrte opp eit bål for å halda varmen, seier Amanda Gravdal. Ho er bestemor til Amund og bur på garden Markhus, der belgiaren dukka opp i åttetida måndag morgon.

— Eg blei så glad, då eg såg han stå i tunet her, seier bestemora.

Ho fortel at 18-åringen var i fin, fysisk form, men at han var trøytt og sliten etter natta under open himmel.

— De har ikkje tatt skrekken etter turen?

— Nei, me vil opp att neste helg.