I dei intense forhandlingane i timane og dagane etter at valresultatet var klart, fekk Høgre tilbod om å få ordførarvervet med støtte frå Arbeidarpartiet, KrF, Senterpartiet og SV.

Sjølv om ein annan sentral høgrepolitikar, Lars Lie, ville at Høgre skulla seia ja til tilbodet, enda det opp med at Høgre sa nei.

No blir partiet, saman med valvinnaren Frp, sett på sidelinja i Fjell-politikken. Eli Berland seier til Kystradioen at det fleirtalet som no er etablert er svært skjørt, og at det kan gå i oppløysing i løpet av perioden.