"Kjære M/F Tysnes. På vei hjem frå ein leirskule i år 2004 stal eg og ein kompis 2 is frå ferja...".

Slik opnar brevet som ferjemannskapet på M/F "Tysnes" opna på forsommaren. Brevskrivaren, Ruben Solberg, ville gjere opp for seg.

"Da eg i mitt hjerta har bestemt meg for å bli ein seriøs etterfølger av Jesus Kristus, kongenes konge, vil eg be om tilgivelse for dette og betale det tilbake med renter. Vær velsigna", skreiv Solberg og la 200 kroner i konvolutten.

Lang kø i kassa

Solberg, som i dag er 21 år, gløymer ikkje ferjeturen han tok som 13-åring til Kvanndal.

— Eg gjekk i 8. klasse, og vi hadde vore på leirskule i Kinsarvik. Eg hugsar at det var lang kø i kassa og lett å stela is, så vi berre gjorde det.

— Men du har aldri gløymt det?

— Eg ville ikkje akkurat seie at eg har gått og gnagd på dette, men eg kom på det seinare og visste at det ikkje var rett. Eg ville gjere opp for meg og fekk ideen om å sende eit brev.

- Ein god latter

Ferjemannskapet fekk seg litt av ei overrasking, då dei opna brevet.

— Eg har aldri opplevd noko liknande før. Det var litt artig, og vi fekk oss ein god latter, seier Steinar Johnsen, skipper på M/F "Tysnes".

I dag heng brevet på veggen i messa.

— Det heng der vel mest som ein kuriositet, seier skipperen.

- Godt å gjere opp for seg

Solberg blir glad for å få høyre at brevet kom fram.

— Eg har ikkje visst det før no. Men at det heng på veggen var nesten altfor mykje, seier den angrande syndaren.

— Oppfordrar du andre med liknande svin på skogen om å gjere opp for seg, slik du gjorde?

— Å gjere opp for seg kjennest alltid veldig bra.

Rett i kaffikassa

— Var det etter istjuveriet at du vart ein kristen?

— Eg har alltid vore ein kristen, men i 10. klasse fekk eg eit møte med Gud og fekk lyst til å gå heilt og fullt for han, seier Solberg, som bur på Osterøy, er lærarstudent ved Norsk lærerakademi og jobbar deltid for LTS Aktiv AS.

M/F "Tysnes" har ikkje lenger privat restauratør og sel berre is i sommarsesongen, opplyser skipperen. Så kva skjedde med dei 200 kronene?

— Dei gjekk nok i kaffikassa, sjølv om det strengt tatt ikkje var vi som skulle hatt pengane, seier Johnsen.

BREVET: Her er brevet Ruben Solberg skreiv til dei ansatte på M/F Tysnes.
PRIVAT