Den kritikarroste romanen frå Fusa vert presentert som ”ei dagbokforteljing frå ein utstøytt 38-åring i eit lite, vestlandsk bygdesamfunn”. Hovudpersonen er Martin Vangen frå strandstaden Anglevik. Han er ein intellektuell pasifist og militærnektar og eit aktivt søkjande menneske. Tveit tek for seg både religiøs dogmetru, fatalisme og intellektuell passivitet i bygdesamfunnet. Men han skildrar òg hovudpersonen sitt forhold til kvinner, representert ved Jorunn og Hilda.

Minna om Vesaas

”Andromedatåken”, som kom ut i 1974, var Tveit sin sjette roman. Morgenbladet var begeistra. Under tittelen ”Sterkt bidrag til norsk romanlitteratur” slo meldaren fast at dette var ”den beste roman som er utkommet på noe norsk forlag de siste årene.” Tveit minna om Vesaas, heiter det vidare, ”på den måten at ein har «Fuglane» i tankane medan ein les dei første delane av boka”.

Morgenbladet var ikkje snauare enn at dei avslutta den strålande bokmeldinga med følgjande råd: ”En anmeldelse skal visstnok være et råd. Jeg kan ikke gi noe råd til en forfatter som allerede har nådd lenger enn de fleste, men jeg kan gi et råd til leserne: Kjøp boken, eller lån den på nærmeste bibliotek. Ikke gi den bort til jul, men les den selv!"

Frå ”tåkut” til stort

Kritikarane var ikkje samstemde i omtalen av romanen. ”En kamp i tåke,” skreiv Dagbladet. ”Tåkut om krig og kvinner,” meinte Gula Tidend.

Meldaren i VG var meir positiv og hevda at Tveit er ein skrivefør kar ”som på sin forunderlig firkantede måte forteller om Martin Vangens refleksjoner over livet, menneskene, lagnaden, erotikken og universet og naturligvis situasjonen vi lever i som klode”.

Aftenposten kalla ”Andromedatåken” ein pasifistisk roman. ”Stort tenkt er denne romanen, og — om ikkje heilt, så iallfall delvis - stort gjennomført.” BT meinte at Jon Tveit er ein forfattar som fortener å bli lesen av svært mange, på grunn av det universelle samvitet og det eksistensielle engasjementet hans.

Lærar som vart forfattar

Jon Tveit (1910-1992) var fødd og oppvaksen på garden Tveit på Holmefjord. Han var utdanna lærar. Tveit gifta seg aldri. Den første romanen hans, ”Dei tri hendene” kom ut på Olaf Norlis forlag i 1936. Dei neste sju bøkene – seks romanar og ei diktsamling – kom ut på Gyldendal forlag frå 1953 til 1978.

Inspirert av biblioteket

Draumen om å skriva hadde Jon Tveit hatt sidan han var ung. Sjølv sa han at hadde det ikkje vore for skulebiblioteket og folkebiblioteket, ville ikkje interessa hans for dikting blitt vekt.

På tvers

Tveit vart aldri profet i eiga bygd. ”Han gjorde seg tidleg opp meiningar som gjekk på tvers av vanlege oppfatningar,” vart det sagt om han.

Han hadde eit ønske om å formidla eit grunnsyn der pasifisme stod sentralt. Han var oppteken av dei store eksistensielle og universelle spørsmål, og han meinte at ingen religiøse truer gjev løysing på desse. Eit tema som går att i forfattarskapen hans er oppgjer med dei pietistiske tradisjonane på bygdene.

Bøkene hans er å finna på Fusa folkebibliotek . Du kan lesa meir om Jon Tveit og bøkene hans her .

Forfattar Jon Tveit fotografert i heimen sin i 1990
Omslaget til den mest kritikarroste romanen hans ”Andromedatåken”
Ungdomsportrett av Jon Tveit