Eit skår i gleda at Steinar Skaar måtte melda sjukdomsavbod. Dermed vart det ingen trekkspelmusikk til rallarviser.

– Men det blir andre bollar neste år, lover både Marit Petersen i NSB og Inge Hjertaas i Jernbaneverket. Dei er begge med i komiteen som planlegg 100-årsjubileet for Bergensbanen neste år.

I tillegg til bollane og kaffien, delte dei i dag ut ei lita, men informativ brosjyre om korleis jernbanebygginga kom i gang her vest, og kva som er viktigaste investeringsprosjekta på Vossebanen i åra framover.

MERCI: NSB og Jernbaneverket hadde rikeleg med bollar til pendlarane på Voss stasjon i dag tidleg og kunne spandera på dei som venta på Flåmsbanetoget også. Mariantoinette Akeudo var blant dei som takka ja til Marit Petersen, NSB.
Arne Hofseth
Også på Voss stasjon ble det delt ut boller. Kvinnen med bollefatet heter Marit Petersen.
arne hofseth