I desember i fjor styrta ei Helitrans-maskin på Valdresflya i Oppland. Helikopterflygaren, ein 37 år gammal mann frå Östersund i Sverige, miste livet.

Den gongen var det eit helikopter av typen Hughes 500 som styrta. Helikopteret var på veg frå Værnes til Fagernes i Valdres der det skulle hjelpe til med reindriving.

Helitrans har basen sin ved Værnes Lufthamn i Stjørdal.