Journalist Tor Yttri i Sogn Avis var med på skituren, og fotograferte spora. SNO har fått kopiar av bileta.

— Eg er sikker på at dette er spor etter bjørn, seier Yttri til Bergens Tidende.

Sogn Avis-journalisten har tidlegare sett mange jervespor i Indre Sogn og bjørnespor i Nord-Amerika. Han var også i Mundalsdalen då det blei funne spor etter bjørnen der.

— Slik eg ser det er spora vi såg på breen omtrent like store som fotsporet som var avsett i Fjærland, seier Yttri.

Følgjet av skiløparar hadde gått ein god time frå Flatbrehytta då dei oppdaga spora fredag kveld. Dyret hadde gått austover i retning Supphelledalen.

— Det er veldig stor smelting på breen no, så eg trur ikkje spora kan ha vore eldre enn eitt døgn. Mest sannsynleg er dei sette tidlegare på dagen, seier Yttri.

SNO har tidlegare lansert som ein teori at bjørnen kan opphalde seg på breen, og så ta seg turar ned i bygdene på begge sider. Observasjonane av bjørn ved Moskog i Førde er gjort natt til fredag og laurdag morgon. Dersom Yttri har rett, har bjørnen vore ein tur på breen mellom desse observasjonane. Rovviltkontakt Einar Fortun i SNO seier det ikkje kan utelukkast at ein bjørn kan ha gått frå Førde til Jostedalsbreen og tilbake på denne tida.

— Vi veit at bjørnar kan gå utruleg langt. Men på same tid verkar det jo litt underleg at han har gjort det, og komme tilbake til same plassen.

— Kan det vere to bjørnar?

— Nei, det vil nesten vere utenkjeleg. Berre det at vi no har ein bjørn i Sogn og Fjordane er heilt uventa.