Frå pc'en på nesten altfor fredelege Evanger publiserer han sine vurderingar i den arabisk-språklege delen av internettavisa amin.org.

Blanda kjensler

Det er med blanda kjensler at advokaten og journalisten Habib Azayyadi skriv om hendingane den siste tida. Han er kjend blant arabarane under pseudonymet «Masen», mellom anna som tidsskriftredaktør i Beirut.

— Det er svært godt nytt at Tryggingsrådet, med USA i spissen, no går inn for ein palestinsk stat. Men grunnen er at dei vil gå til åtak på Irak for å erstatta Saddam med eit motstykke til Hamid Karzai i Afghanistan. Til det trengst det ro i palestinaspørsmålet, seier Azayyadi.

På kant med Saddam

Han er sjølv irakar, men uynskt i heimlandet av Saddam Hussein sitt regime, samstundes som Israel gjerne vil ha kloa i han.

— Eg har ingenting imot at USA fjernar Hussein, men han blir ikkje det første offeret i ein krig. Det er folket som må lida. Det synest eg er smerteleg, seier Azzayyadi.

— Har du tru på eigne statar både for palestinarar og kurdarar?

— Eg er litt usikker når det gjeld kurdarane. Iran har dobbelt så mange kurdarar som Irak, og i Tyrkia er det fire gonger så mange. Det er der kurdarane sine største problem ligg. Berre USA har musklar til å diktera tyrkarane. Kva stormakta bestemmer seg for, blir avgjerande, seier han.

Stolt og strid

Habib Azayyadi har status som politisk flyktning i Noreg. Han vart henta ut av eit fengsel i Damaskus, gitt tid til å selja hus og bilar, og sett på flyet til Noreg saman med kona Mojina. No vansmektar han i eit hus attmed kyrkja på Evanger, men held seg i aktivitet med skrivinga.

Sigarettane er bytta ut med rullings. Tiedemanns Gul nr. 3 er billegare.

— Eg skulle gjerne hatt ein jobb så eg kunne tent pengar til å gjera opp for meg, seier han til Bergens Tidende.

Han er så stolt og strid at det kan gjera ende på han. Pengar frå sosialkontoret har han sendt i retur. Han har teke mot eit beløp frå Arafat sin sjølvstyreadministrasjon, men gitt beskjed om at dei ikkje må senda meir. Dei treng kvar einaste krone sjølve. Også skrivinga er dugnad.

Kurs-nekt

Mykje av pengane frå hus og bil gjekk til å smugla to vaksne søner til Tyskland. Han nektar å læra norsk saman med «analfabetar» på norskkurs på Voss, og har etter lang sakshandsaming fått nei frå universistetet. Der har dei akseptert kona hans som akademikar og Habib har under tvil godkjent at ho får støtte til å gjennomføra studiane.

Men sjølv vil han heller svelta enn å ta mot allmisser.

— Dette er norske skattebetalarar sine pengar. Først når eg har fått arbeid og betalar skatt, har eg rett på noko, seier han.

Etter å ha oppdaga at han har betalt skatt - moms - på teljarskrittrekninga frå Telenor, kan han likevel vera på glid no.

SKRIBENT: Irakaren Habib Azayyadi på Evanger skriv artiklar om Midtausten som vert lagt ut på internett.
Foto: Arne Hofseth