Saka rundt Amundsens autorisasjon er dermed lagt død.

Vart inndrege

Dette skriv Rune Amundsen sjølv på si nettside denne veka. Men han ønskjer ikkje å kommentere saka over telefon.

— Du får sende spørsmåla til meg på epost, så får vi sjå, seier Amundsen til Bergens Tidende, men gjer det samstundes klart at han skal på reise og ikkje vil kunne svare den næraste tida.

Det var som helsevesenets siste formelle klageinstans at Statens helsepersonellnemd i juni i år heldt oppe vedtaket om å inndra Amundsens offentlege godkjenning som psykolog. Amundsen mangla både vilje og evne til å lære av kritikken som er reist mot han, konkluderte nemnda.

Det opphavlege inndragingsvedtaket vart gjort av Statens Helsetilsyn 12. april 1992, etter at fleire av Amundsens pasientar hadde klaga på den forma for regresjonsterapi og dybdepsykologi som han utøvde. Blant anna skal pasientar ha blitt tatt tilbake til tidlegare liv som nazist eller heks, og nemnda meiner også at han har blanda behandling og privatliv på ein utilbørlig måte.

«Ikke den minste lyst»

Konklusjonen i den samrøystes nemnda var at Amundsen hadde utvist grov mangel på fagleg innsikt, uforsvarleg verksemd og åtferd som ikkje er foreinleg med yrkesutøvinga, og at han difor er uskikka til å vere psykolog.

I sin bulletin som vart lagt inn på Amundsens nettside tysdag denne veka, heiter det mellom anna at « (...) Jeg har bestemt å la psykolog Amundsen få fred nå. Det betyr at jeg velger ikke å gå til rettssak for å få tilbake lisensen. Jeg har ikke den minste lyst til å være formelt godkjent psykolog lenger. Men det betyr aldeles ikke at jeg har sluttet å tro på de idéer som inspirerte den salige psyk o log

Ein annan stad i teksten skriv han: « (...) Om det jeg har opplevd i denne s a ken er uttrykk for god faglighet, prof e sjonalitet og saksbehan d ling/saksframstilling så er jeg takknemlig for at jeg ikke lenger er en del av det fellesskapet