Største butikken blir ein Meny-butikk med daglegvarer i Norgesgruppen, eigd og driven av Voss Handelslag LL, som frå før har ein Spar-butikk og to Kiwi-butikkar på Voss.

Tunge aktørar i norsk varehandel og eigedomsforvaltning, som Olav Thon, Coop, Reitan (Rema 1000) og Orkla, får interesser i prosjektet gjennom tunge aksjepostar i Amfi Eigedom AS. Likevel blir det lokale selskapet HMV Voss Eigedom AS sitjande med aksjemajoriteten (51 prosent), medan Køff-Asko Vest Eiendom AS har 34 prosent og Amfi Eiendom AS nøyer seg med 15.

Andre stader eig Amfi-senteret med hud og hår (20 senter), eller har rein drifts— og forvaltningsjobb utan eigarinteresse (4 senter). Voss, det 25. Amfi-senteret i rekkja, blir det første med Amfi som ein beskjeden aksjonær, men med fullt driftsansvar.

Innanfor ei kostnadsramme på 75 millionar kroner skal verkstadhallane på HMV byggast om, medrekna tilbygd inngangsparti og ei utviding mot aust. Fasadane skal forblendast med lys teglstein, men industrihallpreget skal behaldast i takkonstruksjonen. Senteret får 250 avgiftsfrie parkeringsplassar, ein konkurransefaktor mot handlestroket på Vangen. Det er budsjettert ein omsetnad i Amfi-senteret på 180 millionar kroner årleg.