Då blei to Stord-menn på 33 og 34 år pågripne saman med leverandøren frå Grenland-området.

I bilen austfrå blei det funne knapt to kilo hasj og ein halv kilo amfetamin som dei to stordabuane skulle omsetja i heimtraktene. Tidlegare i 2003 hadde 33-åringen kjøpt i alt rundt eitt kilo amfetamin av austlendingen ved å møta han på same måte ulike stader på E 134.

33-åringen, som sjølv har store rusproblem og økonomiske vanskar, er av Sunnhordland tingrett no dømt til tre år og ni månaders fengsel utan vilkår.

Han er óg dømt til å betala staten 120.000 kroner som han skal ha hatt i forteneste på narkotikasalet sitt på Stord. 34-åringen må sona eitt års fengsel, han var tiltalt berre for forsøk på kjøp av det store hasjpartiet i Telemark 9.desember.