Notisar som denne kunne ein finna i regionavisa ”Strilen” mellom 1912 og 1915. For mange nordmenn var utvandringa til Amerika ei arbeidsvandring i ungdommen for å leggja seg opp pengar som dei så investerte i gard og grunn i gamlelandet.

Tilbakevandring

Om lag ¼ av dei 800 000 norske utvandrarane til Nord-Amerika vende før eller seinare heim att. Reisetida over Atlanteren vart redusert frå om lag to månader til rundt ei veke då seglskutene vart avløyste av dampskip på slutten av 1800-talet. Nokre tiår seinare medverka den økonomiske krisa etter første verdskrigen òg til tilbakevandringa: Det vart vanskelegare å få seg arbeid i Amerika, og frå 1917 prøvde styresmaktene i USA å avgrensa innvandringa.

Heim til bryllaup

Hans Tombre kom frå ein syskenflokk på 12 på garden Tombre i Hålandsdalen. Han var 22 år gamal då han utvandra i 1891. Seinare følgde fleire av syskena etter. I Amerika fekk han seg arbeid på eit boktrykkeri. Dottera Kristina Sævareid veit ikkje sikkert kor lenge faren var i Amerika første gongen. I 1898 var han i alle fall komen heim att: 11. november dette året gifta han seg med kusina Ragnhild på Mundheim.

Portier og gardbrukar

Hans Tombre hadde tileigna seg engelskkunnskapar i Amerika, og etter at han kom heim, var han m.a. portier på Smedbu hotell i Bergen og nokre år på Alexandra Hotell i Loen. Eldstebroren Johannes ville heller bli farmar i USA enn bonde i Hålandsdalen, og selde farsgarden til Hans. I år 1900 stod Hans Tombre oppført i folketeljinga som gardbrukar og sjølveigar på heimegarden saman med faren. To år etter tok han kona Ragnhild med seg og reiste bort att til USA.

Vantreivst

Det var ikkje mangel på noko å gjera i USA: Hans gjorde lukke som grøftegravar i Forest City og hadde mange folk i arbeid. Ragnhild og Hans fekk tre døtrer der borte, men Ragnhild treivst ikkje i det nye landet. Då dei hadde budd der i åtte år, svikta hjarta hjå gamle Gjert heime på Tombre. Ragnhild og Hans Tombre reiste heim att til Hålandsdalen i 1910.

Amerikamonument

Hans Tombre hadde lagt seg opp pengar i Amerika, og i 1912 bygde han dette huset på farsgarden. Dottera Kristina Sævareid hugsar godt byggjeperioden. Dei måtte få materialar sendt med båt frå Bergen til Sævareid, køyra dei med hest inn til Dalamannskaien , og skyssa dei i båt oppover Henangervatnet til Skogseidvatnet . Til slutt måtte dei ha hest til å køyra materialane til tuns. Bror til nabokona, Endre Holmefjord, var byggmeister.

Då dei flytta inn i nyehuset, vart den gamle røykstova riven og flytta til Holdhus som ungdomshus . Skytja og stabburet vart flytta til ”nyetunet”, og dei bygde ny løa. Dette tæra fort på amerikakapitalen, men huset står der framleis som eit monument over Amerika-tida i fusasoga

I Strandvik er både sveitserhuset på Kvålshaugen og Særvold-løa amerikahus. Også trevarefabrikken på Tressneset på Vinnes var bygd for amerikapengar.

Bileta er utlånte frå Lokalhistorisk Arkiv i Fusa.

Veit du om fleire spor av Fusa i USA? Skriv gjerne i kommentarfeltet.

Sveitserhus på Tombre
I Strandvik er sveitserhuset på Kvålshaugen amerikahus.
Særvold-løa i Strandvik er amerikahus.
Trevarefabrikken på Tressneset på Vinnes var bygd for amerikapengar.
Ragnhild og Hans Tombre i USA