No meiner fylkeslege Petter Øgar at ambulansetenesta i Helse Førde bør revurdere prosedyrene sine på dette området, samstundes som han meiner at den aktuelle ambulanseføraren var aktlaus og braut lova.

— Vi meiner vedkommande ambulansepersonell tok seg til rette, men er usikre på om vilkåra for ei formell åtvaring er oppfylt. Derfor sender vi denne saka vidare til Helsetilsynet sentralt, seier Øgar til Bergens Tidende.

Øgar sender saka vidare mellom anna fordi ambulansepersonell er ei relativt ny gruppe helsearbeidarar med formell autorisasjon.

Det var i fjor at alarmen gjekk etter ei ulykke med mogeleg alvorleg personskade nokre mil frå Florø.

Over sambandet gjorde vakthavande lege det klart at han ville vere med i ambulansen, men vart kontant avvist av ambulanseføraren. Legen, som kunne møtt ambulansen innan få minutt, vart dermed forsinka med eit kvarter fram til ulykkesstaden.

Ifølgje legen si forklaring freista også føraren å returnere med pasienten utan at legen hadde undersøkt han, ved å påstå at ein annan lege hadde vore der.

Fylkeslegen slår fast at ambulansepersonell ikkje har same kompetansen som ein lege på ein ulykkesstad, særleg i vurderinga av pasientens tilstand. Fylkeslegen meiner at eit punkt i ambulanseprosedyrene for Helse Førde er for kategorisk. Her heiter det mellom anna at det å få med lege ikkje skal seinke utrykkinga.

Konklusjonen er at ambulansesjåføren var aktlaus og braut helsepersonellova. Om det blir ei formell åtvaring på vedkommande, er no opp til Helsetilsynet sentralt.