Mannen i 20-åra forklarte i retten at han hadde vore på ein utestad og drukke mellom sju og åtte halvliterar. Då han skulle heim regna det kraftig, og drosje var vanskeleg å oppdrive.

Dermed sette mannen seg bak rattet og køyrde heim til bustaden sin i Sogn. I Fjordane tingrett blei mannen dømd til fengsel i 24 dagar. Mannen, som er tilsett som ambulansearbeidar i Helse Førde, er også fråtatt førarkortet for alltid.

Større ansvar som ambulansearbeidar

Blodprøva av mannen synte ei promille på 1,13. Normalt gir dette samfunnsstraff eller fengsel på vilkår. I dette tilfellet meinte retten at tiltalte har eit særskilt ansvar i kraft av sitt yrke.

«Kjøringen har vært uforsvarlig, særleg sett hen til at siktede er ambulansearbeider med særleg innsikt i, og kunnskap om hvilke skader som kan oppstå ved trafikkuhell».

Retten la også vekt på at mannen køyrde gjennom eit sentrumsområde med mykje folk, noko som aukar skaderisikoen ved køyringa.

Må finne seg ein ny jobb

Ambulansearbeidaren er også tidlegare dømt for brot på vegtrafikklova, og retten ville ikkje gje mannen fleire sjansar. Dette til trass for at den unge mannen må omskolere seg til eit anna yrke.

«Siktede er en ung mann, hvor mulighetene til annet yrke på ingen måte står stengt for ham», heiter det i dommen.

Mannen må også betale ei bot på 31.5000 kroner.