EYSTEIN RØSSUM

I går vart den narkomane 30-åringen fengsla for fire veker, sikta for ran og narkotikakriminalitet. Klokka 02.30 søndag trengde han seg inn ein ambulanse frå Bergen Brannvesen i Lars Hilles gate og tok kvelartak på sjåføren. Deretter stakk han av med bilen og krasja to gonger rett i veggen på Bergen Kunstmuseum

— Kunne vore unngått

Det er ikkje første gong mannen er på kant med lova: Han har eit 20-tals dommar bak seg, det meste knytt til ruskriminalitet.

— Det tragiske med saka er at dette kunne vore unngått. Sidan februar har min klient jobba for å få behandling for rusproblema sine, seier forsvarar Jannicke Keller-Fløystad.

I vinter sona mannen i fengsel, og var oppteken av å få på plass eit behandlingsopplegg til han skulle setjast fri. Allereie i februar vart han tilvist til vurdering hos Bergensklinikkene.

I april slapp mannen ut av fengsel, utan at eit opplegg var på plass. I juni tok han sjølv initiativ til eit møte mellom Fana sosialkontor, forsvararen, Bergensklinikkene, psykiater og fastlege - den såkalla ansvarsgruppa.

— Der gav eg uttrykk for at eg trudde dette kom til å gå gale dersom han måtte vente for lenge, seier Keller-Fløystad.

Skulle inn i desember

Ei veke seinare konkluderte klinikksjef Ola Jøsendal ved Bergensklinikkene med at mannen hadde krav på nødvendig helsehjelp; både avrusing med tett medisinsk oppfølging og vidare behandlingsopplegg.

Men mannen måtte inn i køen: Først 7. desember i år skulle 30-åringen få leggje seg inn på Hjellestadklinikken.

— Mi erfaring er at det nesten alltid går gale når rusmisbrukarar må vente i månadsvis på behandling etter at dei har kome ut av fengselet. Det har eg sett så mange eksempel på, seier Keller-Fløystad.

30-åringen har forklart at han var på jakt etter kraftig morfin i ambulansen natt til søndag, fordi han ønskte å setje ein overdose. Han har også sagt at han kolliderte med vilje, fordi han ville skade seg sjølv. Han var utsliten av den lange ventetida.

- Dårleg samfunnsøkonomi

— Slike folk burde ha eit lovfesta krav på rehabilitering og behandling når dei slepp ut av fengsel, på same måte som dei i dag har krav på ein stad og bu og pengar til mat. I dag er hovudregelen er at dei må vente i mange månader, seier Keller-Fløystad.

Samfunnsøkonomisk meiner ho alt taler for ei slik ordning.

— Det er ikkje tvil om at det kostar samfunnet langt større summar når desse i staden utfører ny kriminalitet. Behandling til rett tidspunkt ville spart oss for store summar, seier Keller-Fløystad.

For 30-åringen er toget gått i denne omgangen. Ranet natt til søndag førte han rett tilbake bak murane. Han kan vente seg ei lengre fengselsstraff, og plassen han hadde på Hjellestadklinikken i desember går tapt Når mannen ein dag slepp ut igjen, må han eventuelt ta ein ny runde med søknader om hjelp.