— Eg er både glad og kry, seier læraren, journalisten, målrøktaren og mangeårig samtalepartnar med poeten Olav H. Hauge.

Det er Venelaget Hauge som deler ut prisen, under festivalen i diktarhovdingen si heimbygd.

Den pensjonerte læraren var også stolt over Brakaneselevane sine framføringar under festivalopninga, ei frukt av Arne Skjerven sitt årelange arbeid med Hauge-tekstar i den lokale skulen.

— Tidene har endra seg til det betre. Då eg gjekk i skulen, pugga vi salmevers, og stod rett opp-og-ned og sa dei fram. No framfører elevane Olav H. Hauge sine dikt med innleving og på ungdommeleg og friskt vis, seier Arne Skjerven.