I fjor var det fleire alvorlege hendingar i Sogn og Fjordane, mellom trippeldrapet i Årdal, brannen i Gudvangatunnelen og bussulykka i Sogndal.

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane meiner Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde har svikta på fleire sentrale punkt ved desse hendingane, skriv NRK.

Svikt i varslinga

Etter trippeldrapet i Årdal, der ein asylsøkjar drap tre menneske på Valdresekspressen, starta fylkeslegen tilsyn.

Fylkeslegen har gått gjennom varslingsrutinar, prosedyrar og tidlegare avviksmeldingar.

Konklusjonen er mellom anna at prosedyrar for opplæring og teknisk utstyr ikkje har vore forsvarleg. Det har vore svikt i akuttvarsling mellom sentralane i naudetatane, såkalla trippelvarsling.

Helse Førde har allereie formulert sju punkt for å redusere risiko for svikt i trippelvarslinga, så Fylkesmannen følgjer ikkje helseføretaket vidare opp på dette punktet.

Uklar ansvarsdeling

Ansvarsdelinga mellom nødsentralane har ikkje vore god nok når det gjeld å varsle kommunale ekstraressursar.

Fylkeslegen har og sett på oppkalling av primærhelsetenesta og finn at den er forsvarleg.

Konklusjonen til fylkeslegen kan du lese her.

Helse Førde har vedgått at rutinane ved AMK-sentralen svikta. Først tolv minutt etter at dei fekk melding om ei trafikkulukke, varsla AMK om ulukka. Ulukka viste seg seinare å vere eit trippeldrap.

Tidlegare har Årdal kommune fått kritikk for at dei ikkje styrkja helsetilbodet då dei fekk 151 nye asylsøkjarar.