Dette får BT opplyst ved Haukeland universitetssjukehus fredag føremiddag.

Mannen fall ut gjennom døropninga, då traktoren hans vart ståande og vippe på ein stabbestein på Nautneset på riksveg 569 i Vaksdal kommune.

Frå traktoren var det fritt fall på 4-5 meter. Deretter rulla mannen 12-15 meter nedover den bratte skråninga mot Bolstadstraumen. Det var fleire sjokkerte augevitner til ulykka.

Vegen er smal på Nautneset. Ulykka skjedde, då traktoren møtte ein bil som kom i motsett retning. 74-åringen vart stygt kvesta, og operert torsdag kveld.

FALL UT: Vegen er smal på Nautneset. Ulykka skjedde, då traktoren møtte ein bil som kom i motsett retning. 74-åringen vart stygt kvesta, og operert torsdag kveld.
ARNE HOFSETH