Alvorleg tiltale etter vald

37-åringen mishandla kvinna så ho blant anna fekk hjartestans og hjerneblødning. I dag starta rettssaka.

Den tiltalte erklærte straffskuld for besittelse av hasj og skadeverk, men sa seg berre delvis skuldig i valdsbruk. Mannen risikerer ifølgje tiltalen fleire år bak murane.

Bistandsadvokat Inger Beth Fosse kravde at rettssaka skulle gå for lukka dører. Retten ga ho bare delvis medhald. Den fornærma kvinna sleoo å forklare seg med tilhøyrarar og presse til stades.

Politiet meiner at berre flaksen gjer at den grove valdsepisoden i Førde natt til 30. april i år ikkje enda opp som ei drapssak.

No er tiltalen mot 37-åringen klar, og førstkommande tysdag startar straffesaka i Fjordane tingrett. Der vil han ifølgje forsvararen erkjenne straffskuld og framstå som ein angrande syndar.

Strafferamme på ni år
Statsadvokaten har tiltala mannen for lekamsskading under særleg skjerpande omstende, med preg av mishandling og begått mot ein forsvarslaus person. I tillegg er han tiltala for å ha hatt 12 gram hasj og diverse narkotiske tablettar i husværet der ugjerninga skjedde.

Ifølgje den ferske tiltalen, som har ei øvre strafferamme på 9 års fengsel, skal 37-åringen ha slått kvinna gjentekne gonger over heile kroppen. Blant anna har han brukt gjenstandar til å slå henne i hovudet og ansiktet, han skal ha kasta henne rundt i husværet, drege henne etter håret og tatt kvelartak på henne.

Resultatet vart blødningar i venstre hjernehalvdel, to brot i ein finger, fleire kutt i ansikt, hovud og på kroppen samt massive hevingar og blåmerker.

Da ho seinare same natt kom til sjukehus, skal kvinna i 20-åra ha fått akutt hjartestans.

Ifølgje tidlegare uttalar frå politiet ville ho truleg ha døydd dersom ho ikkje var på sjukehuset da dette skjedde.

Erkjenner straffskuld
Politiadvokat Bjørn Larsen har enno ikkje bestemt seg for kva straff han vil krevje.

- Påstanden er ikkje klar frå vår side, og vil bli framsett under rettsforhandlingane, seier Larsen. - Men dette er ei svært grov sak, der valdsbruken har karakter av mishandling.

Under etterforskinga fekk politiet i Fjordane blant anna bistand frå Kripos. Tiltalte har blitt halden varetektsfengsla kontinuerleg sidan han vart pågripen like etter at ugjerninga skjedde.

37-åringen hadde hatt eit kjærasteforhold til offeret da han gjekk amok mot henne denne helga sist i april i år. I retten skal han forsvarast av advokat Louis Anda jr., som opplyser at klienten ikkje kjem til å nekte for dei faktiske forholda som ligg til grunn for tiltalen.

- Min klient har sagt at han kjem til å erkjenne straffskuld etter tiltalen, seier Anda til Bergens Tidende.

Erstatningskrav
- Han beklagar oppriktig det som skjedde, og har eit ønske om å stå til ansvar for det han har gjort, seier forsvararen.

Samtidig meiner Anda at det kan bli ein diskusjon i retten rundt omfanget og alvorsgraden av dei straffbare handlingane.

- Når følgjene av episoden vart såpass alvorlege som dei vart, har dette blant anna bakgrunn i kvinna sin opphavlege helsesituasjon, seier forsvararen.

I tiltalevedtaket er det også tatt høgde for erstatningskrav både frå den fornærma kvinna, eigaren av husværet der episoden utspant seg samt Gjensidige Forsikring.

Inger Beth Fosse er oppnemnd som bistandsadvokat for kvinna. Fosse vil etter ønskje frå sin klient ikkje uttale seg i media om erstatningskravet eller saka for øvrig.

Les også

Siste fra Lokalt

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Krever 90 millioner for omstridt hus

Etter å ha leid ut ulovlig i flere år, kan Thomas Jellestad Jensen tjene flere titalls millioner kroner på eiendommen.

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger