Ulukka skjedde då kvinna fekk problem med både hovud-skjerm og hjelpeskjerm. Mot slutten av svevet kom ho i rotasjon, og fall ukontrollert i høg fart mot vassflata.

Ein småbåt kom raskt til og fekk løyst kvinna frå skjermen og tatt henne ombord. Litt seinare vart kvinna frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus.

Kvinna var med på eit kurs saman med 30 andre paragliderentusiastar.