Kvinna, som er i slutten av 40-åra, er innlagt på Sentralsjukehuset. Skadene skal ikkje vere livstruande.

Arbeidsulukka skjedde då kvinna skulle klargjere ei kvernemaskin for bruk i dag tidleg. Kvinna som er ein rutinert medarbeidar med lang fartstid ved slakteriet, fekk truleg ein del av eit klesplagg i maskina.

Deretter vart kvinna trekt inntil maskina og fekk skadar i brystregionen.

Ulukka vart meldt til politiet like før klokka ni i dag tidleg. Både politi og arbeidstilsyn etterforskar ulukka.