Tilstanden er framleis alvorleg for den 29 år gamle fallskjermhopparen, som vart skadd på Voss i går. Han vart operert for brotskadar i natt.

— Tilstanden er alvorleg, men stabil, fortel dei på Haukeland Universitetssykehus til bt.no i morgontimane i dag.

Den 29 år gamle mannen vart operert natt til i dag. Han blir liggjande på intensivavdelinga ei tid.

Ein flott skifest fekk ei trist avslutning då fallskjermhopparen fall ned på Torget i Voss sentrum, rett framfor auga på ei stor folkemengd som var frammøtt for å sjå Kari Traa og dei andre kulekøyrarane få premiane sine etter rennet i Bavallen tidlegare på dag.

Tre fallskjermhopparar hoppa ut frå eit helikopter høgt over Vangen for å reklamera for Ekstremsportveka på Voss i juni. Førstemann gjorde ein brå sving over hustaka på sørsida av Vangsgata, og tapte høgde raskare enn berekna. Han sneia borti treet på hjørnet av Torget og fall ukontrollert i bakken. Dei andre landa som planlagt på asfalten ved Vekselbanken.

Fleire legar og sjukepleiarar var til stades blant publikum, berre 20-30 meter unna, og kom straks den uheldige fallskjermhopparen til hjelp. Han vart gjort klar for overføring til ambulansen som raskt kom til.

Då det vart klart at skaden kunne vera alvorleg, kunngjorde konferansier Per Berge at premieutdelinga vart avlyst. Premiar for singel kulekøyring skal delast ut saman med premiane for parallellrennet i dag.

ALVORLEG SKADD: Fallskjermhopparen blir brakt til Voss sjukehus etter ulykka på Torget i Voss sentrum. Han gjorde ein spektakulær sving over hustaka i bakgrunnen, kom borti treet bak ambulansen, og fall ukontrollert i bakken. FOTO: ARNE HOFSETH