Mannen blei frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Han har fått slagskader i halsen. To personar er pågripne etter slagsmålet. Politiet fekk melding om slåsskampen i halv tre-tida i natt. Mannen som er skadd er frå Iran. Dei to pågripne er kurderar frå Irak.

— Pågripinga var heilt udramatisk, seier politibetjent Tor Egedal ved Stryn lensmannskontor.

Dei to sit no i arresten i Stryn, og vil via tolk bli forsøkt avhøyrde i dag. Førebels kan ikkje politiet seie noko om årsaka.

Det bur kring 100 asylsøkjarar i mottaket på det tidlegare Yris Hotel i Olden. Mottaket er utan bemanning utanom ordinær dagtid. Det var ein av dei andre asylsøkjarane som varsla om slåsskampen ved å ringe mottaksleiaren.