Mannen var på veg frå 1. til 2. etasje, og hadde kome kring to meter opp i trappa då han ramla bakover.

— Opptaka frå eit overvakingskamera viser at mannen hadde ein bærepose i kvar hand, og at det var fleire menneske på veg opp. Trappa stansa då mannen fall, slik ho skal gjere når ho får eit slag, seier direktør Knut Eliassen ved kjøpesenteret.

To 13-åringar med mobiltelefon ringde straks etter ambulanse, og medisinsk hjelp var på plass etter fem minutt.

Vitne har fortalt at mannen hadde fått skrubbsår, og at han var vaken etter fallet. Han vart straks køyrd til Haukeland Universitetssykehus.

— Vi veit ennå ikkje nøyaktig kva som gjorde at mannen ramla. Vi har ikkje hatt liknande uhell på dei to åra eg har vore her, seier Eliassen.

På Haukeland fekk bt.no i kveld opplyst at 73-åringen hadde pådrege seg alvorlege skadar i fallet, og at han låg på operasjonsbordet. Tilstanden hans var stabil.