— Dette blir første gongen aluminium blir brukt for å fjerne gyro i eit stort vassdrag, seier seksjonsleiar Gøsta Hagenlund ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han er peika ut til å leie styringsgruppa som skal ha ansvaret for gjennomføring av den kjemiske behandlinga.

Berre formalitetar står att før det blir avgjort kor tid behandlinga av Lærdalselvi skal starte. Mattilsynet skal fatte det endelege vedtaket, truleg om eit par veker.

— Slik det ser ut no satsar vi på ei behandling til våren, ein ny runde til hausten og ei avsluttande behandling hausten 2006, seier Hagenlund.

Aluminium + rotenon

Gyrodactylus salaris blei første gong påvist i Lærdalselvi i oktober 1996. Året etter blei vassdraget behandla med giftstoffet rotenon. Men forsøket på bli kvitt parasitten med giftstoffet som drep alt liv, var mislukka. Medan laksane flaut daude nedover leva overlevde gyroen, og blei påvist på ny to år seinare. Sidan har det ikkje vore gjort forsøk på å rydde ut lakseparasitten frå den infiserte elva.

— Denne gongen skal vi prøve med ein kombinasjon av rotenon og aluminium, seier Hagelund. I hovudsak er det surt aluminium som skal brukast, medan giftstoffet rotenon skal tilførast i sideelvar der aluminium blir vurdert som lite tenleg. I tillegg til hovudvassdraget skal alle elvar og bekkar med tilknyting til Lærdalselvi også bli behandla kjemisk.

— I fjor blei det gjort forsøk med aluminium i Batnfjordselva i Møre og Romsdal. Resultata derifrå er svært gode. Parasitten daudar medan fisk, botndyr og sjøområda utanfor elveosane ikkje blir skada, seier Hagenlund.

Periodar på to veker

På kvar av dei tre behandlingane skal aluminium tømmast ut i vassdraget i fleire omgangar over ein periode på to veker.

— Vi er avhengige av vassføringa i elva. For å få best mogleg effekt bør det vere frå låg til normal vassføring, opplyser Hagenlund.

Opplegget er diskutert med miljøvernorganisasjonane, og Hagenlund trur ikkje på aksjonar slik som under behandlinga i 1997. Då prøvde leiaren i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, å stoppe rotenonbehandlinga ved å leggje seg sjølv ut i rotenonstraumen. Noko slikt kjem ikkje til å skje no.

Trur på dette

— Nei, det kan eg garantere. Opplegget som er skissert for denne behandlinga, har eg faktisk tru på, seier Oddekalv.

I følgje miljøaktivisten er rotenon no på full fart ut.

— I Lærdal skal giftstoffet brukast i enkelte sideelvar. Sannsynlegvis er det ein av dei aller siste gongene det blir tømt rotenon ut i eit norsk vassdrag. Det skal vi vere glade for, seier Oddekalv.

Han er også svært godt nøgd med at Direktoratet for Naturforvaltning no vil setje av pengar til å forske på om laksen kan klare å tilpasse seg og leve med gyro.

— Vi har heile tida meint at tilpassing vil vere det beste, seier Kurt Oddekalv, og legg ikkje skjul på at han meiner miljøvernforbundet har æra for at det no skal brukast pengar på å finne ut om laksen kan tilpasse seg parasitten.