Terje Ulvedal

Avisa Ytre Sogn skriv i dag at gruppa har alliert seg med dei tilsette. Dei skal ha gjort det klart at dersom det kjem ut eitt einaste ord om kven dei er, trekkjer dei seg på dagen.

Hemmelegheitskremmeri og dårleg informasjon om det som no skjer, skal ha skapt alvorleg misnøye både i kommunen og fagforeiningsmiljøet.

Bergens Tidende skreiv tidlegare i vinter om den vestlandsbaserte grupperinga som vil kjøpe metallverket av Hydro. I ettertid har Hydro-leiinga sagt at dei ikkje har seriøse kjøparar til Høyanger-verket.

I følgje lokalavisa i Høyanger blir det no vurdert å byggje ut A-hallen, i staden for å modernisere hallen som skal stengast innan utgangen av 2006.

Ei utbygging av den eine hallen vil krevje mindre kraft enn modernisering etter dei planane som Hydro har sagt nei til å gjennomføre.