Marinbiolog Dag L. Aksnes ved Universitetet i Bergen (UiB) har i lang tid studert lysforholda i fjordane og analysert kva følgjer klimaforverringa har for livet i djupet.

Auka nedbørsmengder har gradvis gjort sjøen i nære havområde verre å orientera seg i. Det er fordel for maneter, som er blinde, men ille for fisk som leitar og ser seg omkring etter føde.

— Vi ser ein klar samanheng mellom forverra levevilkår for fisk og betre forhold for maneter, og den vedvarande endringa av lysforholda i det norske kystvatnet, seier Aksnes, som er professor ved UiB sitt institutt for biologi.

— At det som følgje av dette blir færre område for fisken, er min hypotese, seier Aksnes.

Dette er den berykta kronemaneta (Periphylla periphylla) som har invadert den lyssvake Lurefjorden og trengt bort fisken.

To fjordar

Saman med kollegaer har biologiprofessoren hatt to fjordar som spesielle forskingsobjekt gjennom lang tid – Lurefjorden og Masfjorden i Nordhordland. Aksnes sin konsekvensstudie av forverra optiske forhold i sjøen er støtta av Norges forskningsråd sitt program Havet og kysten.

Lurefjorden og Masfjorden er to tilsynelatande like fjordsystem, men med ein viktig skilnad. Masfjorden får tilført mykje meir havvatn enn Lurefjorden, som har kystvatn heilt ned mot botnen. Studiane viser at Masfjorden sitt økosystem framleis er dominert av fisk, medan Lurefjorden sitt mørkare og meir uklåre vatn er sterkt prega av kronemaneter (Periphylla periphylla).

- Mindre fisk

— Eg har ikkje unngått å registrera at det over år har blitt mindre fisk å få i Lurefjorden, seier fritidsfiskar Normann Kirkeeide.

— På 1980-talet var det mykje pigghå på lina, men den er heldigvis borte. Torsk har det òg blitt verre å få i fjorden, seier Kirkeeide. Andre fiskarar har meldt om at djupvassfiskar som brosme og lange er borte frå fjorden. Forskingstråling etter manet har derimot gitt full trålpose etter kort tid.

Yrkesfiskar Viktor Monslaup (69) i Austrheim har tilpassa seg manetene, og er framleis ein flittig haustar av Lurefjorden med garn.

— Men frå januar og ut våren gjer maneta det uråd å fiska der, då går eg til Fensfjorden, seier Monslaup, som har fiska i Lurefjorden sidan 1964.

— Stort sett er det same fangst i dag som den gongen, med unnatak av lange og torsk som det no er mindre av, seier han.

Ikkje for lite mat

Problemet i Lurefjorden er ikkje for lite mat til fisken, men at han ikkje finn byttedyra sine når lysforholda blir dårlegare. Dag L. Aksnes peikar på to utviklingstrekk som forklarer dette; klimaendringar og algeoppblomstring grunna auka tilførsel av næringssalt.

— Auka nedbørsmengder gjer at meir uklart ferskvatn blandar seg med kystvatnet. Dermed blir også dette vatnet ferskare og meir uklart. Studiar ved Universitetet i Oslo tyder dessutan på at auka nedbør og temperatur fører til endringar i vegetasjonen på land, noko som vil auka konsentrasjonen av fargestoff – humus – i ferskvatn som blandar seg med kystvatnet. Vi veit ikkje enno om dette fører til uønskte endringar i kystøkosystema våre. Men gjer dei det, kan dei neppe reverserast, ifølgje Dag L. Aksnes.

Har spreidd seg

— Vi ser tendensen i fleire fjordar langs kysten, seier Aksnes.

Lurefjorden er ein såkalla terskelfjord som er berre 20 meter grunn ved innløpet i Austrheim og som blir 450 meter djup innover ved Lindås. Terskelen avgrensar tilførselen av havvatn.

Alt i 1940-åra blei det registrert kronemanet i fjorden. Så kom det ei markant oppblomstring frå 1970-talet. Seinare har den lyssky djupvassmaneta spreidd seg til blant anna Sognefjorden, Trondheimsfjorden og Vefsnfjorden i Nordland.

VINNAREN: Dette er den berykta kronemaneta (Periphylla periphylla) som har invadert den lyssvake Lurefjorden og trengt bort fisken. ARKIVFOTO: ERLING SVENDSEN