Rådmann Arvid Lillehauge (bildet) i Høyanger inviterer politikarane til å vurdere om talet representantar i kommunestyret bør reduserast, frå 29 og heilt ned til 11. I dag har Høyanger med eit folketal på 4600 like mange i kommunestyret som byar mellom 10.000 og 50.000 kan ha, utan å kome i konflikt med Kommunelova.