Av Knut Langeland

Før? Før kunne du møta dei nær sagt overalt. På stranda, sjølvsagt, og på svaberg og i friluftsområde. Men også i parkar og hagar og terrassar midt i byen var slikt oftare å sjå enn ikkje på solrike dagar. Fanst det ein ledig liten grasflekk å strekkja seg på, kunne du vera viss på at dei låg der med puppene struttande yppig mot sola.

No kan eg gå Byparken og Nygårdsparken og Festplassen og Nordnespynten rundt i steikjande sommarsol utan å sjå snurten av det 70— og 80-talet flaut over av. Ja, jamvel Slottsparken i hovudstaden austpå har eg kryssa mysande forventningsfull i slikt ærend utan vinst og teljande resultat.

På badeplassane er det nett like nedslåande. Der dei før kunne liggja i rader og rekkjer med fenderane ute, er det no berre blygskap og store handdukar, og ikkje kan eg sjå at det stemmer med samfunnsutviklinga elles.

Det var i Danmark eg såg dei første ein gong på syttitalet. Eg var i den alderen då hormonane kappsprong til kroppens ekstremitetar, og eg laut liggja på magen heile den dagen.

Det spørst om det ikkje var nett denne sommardagen på ei strand i Jylland eg pådrog meg denne puppefikseringa eg sidan har slite med, og kvinnerørsla skulle ikkje koma til å gjera det lettare for meg. For etter det eg har forstått var det nettopp kvinnefrigjeringa som bidrog til at puppestellet fekk koma ut under sola. Bh'en blei symbolet på alt som var innestengd og kua, undertrykt og tøyla, og kunne menn klara seg utan, så kan jaggu kvinner det og, såg ut til å vera parolen. For målet var visst ein gong at det ikkje skulle vera forskjell.

Det skal seiast at mykje av puppestellet som kom for ein dag i kjølvatnet av kvinnefront og raudstrømpar og syngjande sosionomar, med fordel kunne ha vore stappa inn att på plass, og det var vel då dei vart klar over kva slags kroppspress dei la på medsystrene sine, dei snudde tvert om og tok til orde for å dekkja muggene og melonane til att.

Personleg har eg aldri teke anstøyt av eit nakent bryst. Likar ein ikkje det ein ser, eller er redd for at ein ikkje toler det, kan ein snu seg bort. Og eg har vanskeleg for å tru at Skaparen fordømer oss som ikkje berre ser, men slit med å la vera å stira på dette kunstverket. Tvert imot mistenkjer eg Skulptøren for å gå kvilelaust rundt heime i verkstaden sin fordi han aldri sidan har vore i nærleiken av å forma noko tilsvarande vellukka.

Med kvinnebrystet var det liksom fullbrakt, og slik kan det utan vidare slåast fast at det er altfor lite toppløyse i verda i dag. Eg trur fleire nakne bryst ville ha gjort folk rolegare og meir harmoniske. Rundare i kantane. Mjukare. Meir fredsæle. Som i Polynesia. Når høyrde du sist om krig og ufred på Marqesasøyane, kanskje? Eller Tonga?

Eg har høyrt menn, tilsynelatande ved sine fulle fem, påstå at dei føretrekkjer puppene innpakka. Det skal visst vera meir freistande, meir spennande og pirrande. Litt sånn som med julepresangane. Det hadde ikkje vore vanskeleg å slutta seg til den argumentasjonen om det var slik at det var mitt namn som stod på alle dei frekke og fargerike toppane som no gøymer godsakene.

Men smått om senn etter at eg vart teken frå mors bryst, har det gått opp for meg at faktisk ein god prosentdel av verdas pupper og mugger og melonar likevel ikkje var tiltenkt meg. Slik har eg måtta slå meg til ro med eit glimt og eit gløtt og ei stolen strime i ny og ne av dette formfullendte, magiske og evig uimotståelege.

No har dei vore langt imellom ei stund, men ferske rapportar frå heimattkomne Syden-ferierande kan tyda på at skikken er ved å ta seg opp att. Så kanskje til våren ein gong …