– Eg ville kjent meg mykje tryggare om handikapleilegheitene vart konsentrerte i første eller andre etasje slik at vi i tilfelle brann kunne kome oss ut på bakkeplan, seier 23-åringen.

_**Les også:

– Tilhøva er ikkje forsvarlege**_

Falske alarmar

Universitetsstudenten bur i fjerde etasje i ein av dei 15 hybelleilegheitene ved Gyldenpris Studentboliger som er tilrettelagt for rørslehemma. Desse er spreidd over alle dei fem etasjane i bygget, med grunngjeving at rørslehemma skal ha dei same valmoglegheitene som andre.

Fordi heisen vil stå ved brann, har rullestolbrukarane i dei tre øvste etasjane fått beskjed om å kome seg ut på fellesaltanen. Der må dei vente til brannmannskapa kan hente dei ned.

Stein Ove og tvillingbroren Jørgen, som og er rullestolbrukar, har kvar sin hybel i bustadkomplekset. Stadig går det falske brannalarmar i bygget, og kvar gong dette skjer tenkjer dei tilbake på oktobernatta i 2006 då det faktisk byrja å brenne.

Stein Ove budde på den tida i andre etasje og kom seg difor ut hovudinngangen. Men Jørgen, som budde i femte etasje, måtte i lag med fire andre rullestolbrukarar flykte ut på altanen.

Frå den hadde dei kontakt med brannmannskapa som kom til staden, men det vart ikkje nødvendig med ei evakuering. Hybelen i fjerde etasje der brannen starta vart totalskadd, men elden spreidde seg heldigvis ikkje til andre delar av bygget. Røykutviklinga var likevel stor, og ein fløy vart ueigna å bu i den neste tida.

– Det var ei ubehageleg oppleving. Sjølv om eg kom uskadd frå det, opplevde eg det som ein potensielt farleg situasjon, seier Jørgen.

Kjenner seg utrygg

I ettertid er Jørgen berre glad for at han var vaken og sat i rullestolen då brannen braut ut slik at han kom seg ut på altanen på eiga hand.

– Hadde eg lagt meg, ville eg ikkje ha kome meg opp i rullestolen. Eg ville ha vore avhengig av at nokon andre kom og hjelpte meg, eller blitt liggjande og vente på at brannmannskapa skulle hente meg ut, seier Jørgen.

På grunn av røykutviklinga fryktar han dette alternativet.

– Under brannen i 2006 gjekk det berre eit og eit halvt minutt frå vi var ute på altanen til vi ikkje lenger kunne sjå inn vindauga på grunn av den tette røyken, fortel Jørgen, og vedgår at hendinga gav han ein støkk.

– Det er ikkje behageleg å vite at ein er avhengig av andre si hjelp for å kome seg ut, heller ikkje tanken på å bli sitjande fast på altanen midt på natta.

Dei to brørne tykkjer det er merkeleg at SiB valde å plassere dei husværa som er tilpassa rørslehemma ut over alle plan, heller enn å samle dei i første eller andre etasje.

– Bygget er innretta på ein litt klønete og kortsiktig måte. For meg betyr moglegheit til å kome meg trygt ut av bygget meir enn valfridom og utsikt, seier Stein Ove.

FAST I FJERDE: ¿ Tanken på å bli sitjande fast på altanen midt pånatta medan huset er i branner skremmande, seier Stein OveLien. Rullestolbrukaren bur ifjerde etasje på SiB sin studentheimpå Gyldenpris.