Men det måtte kommunestyremøte til som vart like spanande som ein norsk OL-kamp i curling, før ordførar Ole Fredheim endeleg kunne ringja finansråd Trond Tystad i Bergen å fortelja at avtalen endeleg var i boks.

Fire timar varte kommunestyremøtet tysdag kveld. Og tre av desse timane gjekk med til tautrekking bak lukka dører i gruppemøte.

Og det var til slutt gruppa frå Framstegspartiet som avgjorde utfallet. Etter prøvevotering og fleire taktiske utspel frå talarstolen der fleire parti var involvert, delte Frp-gruppa seg at slik at fleirtalet i kommunestyret røysta for BBK-avtala.

Tilbod frå Bergen

Då kommunestyret møttes, låg det på bordet eit tilbod frå Bergen kommune om ei særløysing for Fjell. Det gjekk ut på at Bergen skulle gå inn og på visse vilkår å kjøpa Fjell sin del av aksjane som Fusa skal selja.

Men etterkvart som gruppemøta skreid fram i krokane i kommunestyresalen i Fjell, viste det seg at dette tilbodet ikkje hadde fleirtal.

Spaninga stod lenge om korleis Framstegspartiet sine fem medlemmer kom til å stemma. Og det gjekk eit lett sukk gjennom salen då det viste seg at gruppa delte seg i to, og med dette opna for at også Fjell sa ja til handelen.

Press frå Os

Framstegspartiets gruppeleiar Georg Indrevik avviser for BT at Framstegspartiet har vore under press frå ordførar Terje Søviknes i Os kommune.

Han nektar også for at to av dei fem medlemmene i gruppa stemte taktisk.

Men Søviknes seier sjølv at han hadde kontakt med partifellene sine i Fjell fram mot avstemminga.

— Dette var taktisk stemmegjeving og svært klokt av kommunestyregruppa i Fjell, seier han.

I Guinness´ rekordbok

Trond Tystad vågar ikkje å feira før generalforsamlinga i BKK er over. Men han legg ikkje skjul på at han er letta.

— Eg trur eg har snakka med fleire hundre kommunestyrerepresentantar den siste månaden. Eg burde ha vore i Guinness´ rekordbok, seier finansbyråden.

Han innrømmer at vedtaksprosessen om aksjesalet har teke lenger tid enn han hadde rekna med.

— Vanskane oppstod då Os og Osterøy bestemte seg for å køyra sololøp. Det skuffa meg, seier Tystad.