Og før 2006 er ute, skal kanskje fem nye bomstasjonar stramma til bompengeringen rundt Bergen.

Innan eit par år får vi sikkert også sjå blinkande grøn kross i Eikedalen, når vi kryssar grensa til Kvam kommune. Ein liten stopp i Norheimsund, og 20 kroner til flyg ut av kontoen når køyrer vidare og ser skiltet «Granvin herad».

Dessutan; — frisleppet på Nordhordlandsbrua varer berre tre år. Frå 2009 kjem det truleg nye bommar opp for å skaffa pengar til m.a. Nyborgtunnelen, til E 39 gjennom Knarvik og skikkeleg veg over Radøy.

Men det er ikke slutt med dette. - Dersom Stortinget vedtar bygging av Hardangerbrua 28. februar, kan bompengar leggjast på ferjebilletten på Bruravik-Brimnes alt frå sommarsesongen i 2006, seier Per Steffen Myhren hjå Statens vegvesen til Bergens Tidende.

Vossapakko

Det næraste store veganlegget som skal finansierast med bompengar, er «Vossapakko». Statens vegvesen ynskjer å starta med tunnelen på Rv. 13 frå Skjervet ned mot Øvre Granvin. Det andre store prosjektet i Vossapakko, tunnelen på E 16 bak Vossevangen, startar truleg i 2009.

— Grunnen til denne rekkjefylgja, seier Statens vegvesen, er at det trengst stein av god kvalitet til strekninga Palmafoss-Mønshaug, som og er ein del av Vossapakko. Steinen i fjellet bak Vossevangen har ikke den kvaliteten som trengst. Dette har vi godteke og bøygd oss for, seier ordførar på Voss, Bjørn Christensen, til Bergens Tidende.

Christensen, som står i spissen for Voss og omland bompengeselskap AS, er likevel stornøgd med at anleggsstarten no nærmar seg med rekordfart.

— Dette har vi venta på i årevis, seier han.

Samrøystes i fylket

I fylkestinget er det tverrpolitisk semje om at Vossapakko er eit godt og viktig vegprosjekt. Bompengesøknaden har fått samrøystes oppslutnad både i samferdsleutvalet og fylkesutvalet. Jamvel Terje Kolbotn frå Raud Valiallianse (og Odda) forsvarar vegplanane, endå tiltaka på Rv. 13 vil gjera vegen både kortare og lettare fram til Hardangerbrua, som Kolbotn er rasande motstandar av. Dersom Stortinget vedtek Hardangerbrua 28. februar, vil brua og den nye Rv. 13 mellom Voss og Granvin vera ferdig nokolunde til same tid.

Redd for utsetjingar

Samstundes fann RV og Framstegspartiet saman i ein hard kritikk mot prinsippet om å nytta bompengar. Båe partia meiner at vegbygging bør vera ei reint statleg ansvar. Dei to ytterfløypartia bøygde seg likevel for argumentet om at no galdt det å stå saman. Elles kunne ein risikera at heile Vossapakko vart utsett på ubestemt tid.

Utsetjingar kan likevel oppstå.

— Vilkåret for at vi kan koma i gang med arbeidet i Skjervet i 2007, er at Vossapakko får pengar på statsbudsjettet. Det må då skje hausten 2006. For at det skal gå i hop, må bompengesøknaden frå Voss og Omland bompengeselskap vedtakast i Stortinget før sommarferien i 2006, seier regionvegsjef Ole Chr. Torpp.

Hordaland har varierande røynsler med nett den problemstillinga.

Kvalitetskontroll?

Til Vossapakko sin fordel bør det telja med at det truleg ikke vert kravd ekstern kvalitetskontroll av kostnadsoverslaga. Jondalstunnelen må gjennom ein slik kontroll, fordi han så vidt går over «grensa» på 500 millionar kroner. Vossapakko er rekna til 788 millionar, men er delt opp i tre einskildprosjekt, der det dyraste, Skjervet-tunnelen, er rekna til 346 millionar kroner.

— Vi har diskutert dette, og kome til at det truleg ikke skal vera naudsynt med ekstern kvalitetskontroll, seier prosjektleiar for Vossapakko, Lars Magnar Rønneid, til Bergens Tidende.

Utbyggingssjef Lars Aksnes i Vegdirektoratet er ikkje så sikker.

  • Ein pakke som dette har vi ikke vurdert i denne samanhengen før. Når vi får saka, må vi ta dette opp med Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet, seier Lars Aksnes.

Statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet opnar for at ekstern kvalitetskontroll kan koma på tale.

— I utgangspunktet er det ynskjeleg med kvalitetskontroll. Ikke berre for å kontrollera kostnaden, men også for vurdera nærare finansieringsplanen og trafikkgrunnlaget. Men avgjerd om dette for Vossapakko tek vi ikke før vi har fått saka frå Vegdirektoratet, seier Steinulf Tungesvik.