Dersom framlegget vert vedteke, vil det berre bli ei handfull militære stillingar att i den tradisjonsrike forsvarsbygda Voss.

Mykje tyder på at ei nedlegging av Alliert Treningssenter/Sør (ATS/S) vil føra til krav om at Forsvaret frigir sine område, som Bømoen og Mjølfjell skytefelt, til sivile føremål. Skytefeltet er om lag på storleik med Os kommune.

Framlegg om nedlegging kom i Forsvarssjefen sin såkalla Forsvarsstudie, men vossingane hadde ei viss von om at forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ville få Regjeringa på andre tankar. Ho var på synfaring i haust, men kunne ikkje lova noko.

Sjefen for ATS/S, oberstløytnant Oddmund Nygård, har merka seg at Forsvarssjefen ville oppretta det nye treningssenteret i Indre Troms, men regjeringa går inn for Porsangmoen, og går ut frå at dette er ein kompensasjon for avdelingar som vert lagt ned der.

Nærare opplysningar om ei eventuell avvikling av ATS/S og kva tankar Forsvaret har om framtida for areala sine på Voss, er venta over helga.