Dei kom til huset hennar i Norheimsund frå alle kantar. Frå øyane utanfor Bergen, frå Jæren i sør til Troms i nord og Gjøvik i aust. Ulike jenter med felles lagnad: Dei drog heimefrå i skam, for å føde i skjul.

FRØKEN NYGAARDS HUS: Bildet viser bustadsområdet Norheim på 60-talet.
BIRKHAUG OG OMDAL

Johanne Marie Nygaard var distriktsjordmor i Vikøy i Kvam. Ein søndag i juli 1962 løfta ho vesle Mette Offerdal ut i verda for første gong. Ei velskapt jente på knappe tre kilo, ein halv meter lang.

Mora hadde eit laken over hovudet under fødselen. Ho visste ikkje om det vart ein gut eller ei jente.

Rett etter fødselen tok jordmora Mette med til eit rom ved sida av — utan at mora fekk sjå henne. Mette skulle adopterast bort.

— Kvar gong eg køyrer forbi Norheimsund, ser eg meg rundt og lurer på kor eg vart fødd, seier Mette Offerdal i dag (bildet).

Viktige jordmødrer

img_1930.jpg
SEAN MELING MURRAY

Tusenvis av kvinner gjorde som Mettes mor. Det var stor skam å bli gravid som ugift. For svært mange var den einaste løysinga å reise bort i den augneblinken magen tok til å vise. Ofte var dei tvungne av eigne foreldre eller kjærasten. Ingen skulle vite kva som skjedde.

Rundt om i distrikta i heile Norge stod jordmødrer klare til å hjelpe: I Skien, Moss, Oslo, Mysen, Dale, Norheimsund, Øystese. Dette var nokre av plassane med tilbod om ei trygg hamn. Ingen veit kor stort omfanget av denne verksemda var.

BT har gjennom kommunelege og helsesøster i Kvam fått tilgang til jordmor Johanne Nygaard sine protokollar. Der går det fram at blant nær 1500 fødande i åra 1950 til 1971, var 190 av dei ugifte. Frøken Nygaard har ikkje notert kor mange av dei som adopterte bort barnet, men eit stort fleirtal av dei ugifte kom frå kommunar langt unna Norheimsund, går det fram av protokollane.

file63siyw2bcqrkqczn2ag.jpg

«Fødende, diskret, hos jordmor på landet. Barn bortadopteres straks. Nå to billige plasser ledig. Bill. mrk «307», «Usjenert».»Slike annonsar stod på trykk i kvart einaste nummer av Alle Kvinners Blad på 1940— og 1950-talet. Å vere jordmor i distriktet var ikkje noko å bli rik av. «Gjenter» på loftet kunne gje ekstrainntekter, men også høve til å hjelpe. Kor mange av dei 107 distriktsjordmødrene i Hordaland som hjelpte til med adopsjon, finst det ingen oversikt over.

Ho som hjalp

Her i fylket var Johanne Marie Nygaard, på folkemunne berre frøken Nygaard, ei av dei som hjelpte ulykkelege gravide. Opprinneleg frå Strandebarm, ferdig utdanna jordmor i 1924 og tilsett som distriktsjordmor i Vikøy sokn i 1929. Dei første 20 åra tok ho sykkelen fatt, når ho skulle på heimebesøk for å ta imot eit barn. I 1950 bygde ho sin eigen fødeheim. Der kunne ho òg ta imot svangre kvinner som trong å gøyme seg.

Les og om myndigheitenes kamp mot ulovleg adopsjonspraksis

Frøken Nygaard var kjent for å vere myndig. Posisjonen som distriktsjordmor gav henne naturleg autoritet i bygda. Alle visste kven kvinna med dei tjukke, runde brilleglasa og den mørke parykken var. Med eigen fødeheim kunne ho ta imot fleire fødande og under betre forhold enn ved heimefødslar.

Eit fireetasjars hus på ei 700 kvadratmeter stor tomt på Nedre Norheim, som ruva godt i landskapet.

I kjellaren hadde ho utleigehusvære og vaskekjellar, i første etasje privat bustad i tillegg til fødestove og barselrom. I andre etasje leigde ho ut to husvære. Dei gravide og ugifte jentene budde på loftet.

Det var plass til tre jenter samtidig. Sjølv om dei var plasserte der oppe, var dei godt synlege, både i huset og på bygda. Ei av jentene feira jul saman med jordmora.

Som alle andre gravide møtte dei til svangerskapskontrollar hos lege og helsesøster. Magnhild Haug var helsesøster i Kvam frå 1962 og tok imot mange. Jentene fortalde dei same historiene, om å vere pressa til å gi bort barnet: Ein gift mann som let dei i stikken, ein kjærast som ikkje ville ta ansvar. Nokre jenter kom frå finare familier kor skamma var endå større.

Mange tok ikkje inn over seg at dei var gravide, ville ikkje snakke om det. Svarte at dei ikkje merka om det var liv i magen.

BERRE JENTER: Tidlegare helsesøster Magnhild Haug har fått mange telefonar frå barn som vart fødde i Norheimsund. Dei er på jakt etter mor eller far. - Men ikkje ein einaste gut har ringt meg. Berre jenter, seier Haug.
SEAN MELING MURRAY

— Dei distanserte seg frå alt. Dei tenkte ikkje at «eg skal få barn», seier Haug.

Ho har i åra etterpå blitt kontakta av mange som ønskjer å finne ut kor dei vart fødde. Dei har leita etter mora, men mange også etter faren. Men berre jenter. Ikkje ein gut har tatt kontakt.

- Ho sa ingenting, me spurde ikkje

Liv Solfrid Lid er niesa til frøken Nygaard. Ho hugsar godt jentene på loftet. Saman med ektemannen leigde ho kjellarleilegheita ei stund.

— Me skjønte jo at dei som kom dit var i ein sånn situasjon, men det skulle me ikkje snakke om. Ho sa ingenting om det, og me spurde ikkje, fortel ho.

Jentene var der i fleire månader og måtte ha noko å gjere i ventetida. Dei gjorde handarbeid, vaska klede og bidrog til det dei kunne. Ofte sat dei i stova til frøken Nygaard med kvart sitt broderi. Dei kunne hjelpe til med matlaginga, men det var jordmora sjølv som hadde hovudansvaret på kjøkkenet. Det går framleis gjetord om kokkekunstene til frøken Nygaard.

Som distriktsjordmor hadde Johanne Nygaard ei fast årsløn frå fylket. I tillegg fekk ho som alle andre jordmødrer betalt pr. fødsel. Midt på 60-talet var satsen 47 kroner pr. fødde barn. Truleg fekk ho også god betaling for å huse jenter på loftet i fleire månader om gongen.

MINNE: Jentene som budde hos frøken Nygaard dreiv mellom anna med handarbeid. Frøken Nygaard si niese, Liv Solfrid Lid (biletet), fekk ein av dukane ei jente hadde sydd. - Kvar gong eg brukar denne duken, tenkjer eg på korleis det har gått med ho som sydde han, seier Lid.
SEAN MELING MURRAY

Forfattar Bjørn Steinar Meyer skriv i boka si «Mødre uten barn» (2006) at ei jordmor på Mysen kunne få betalt mellom to og fem tusen kroner for å ordne ein adopsjon. For mange på denne tida tilsvarte dette ei halv årsløn.

Vart kalla tantemor

Frøken Nygaard, som også vart kalla tantemor, fekk skussmål som ei svært dyktig jordmor. Distriktslege Trygve Nordtveit skreiv ein rosande omtale i Hordaland Folkeblad i høve 70-årsdagen hennar i 1966:

«... hun har imponert meg sterkt med sin store faglige innsikt, og med en medisinsk innsikt som er beundringsverdig... Det gleder meg å kunne si at jeg alltid har følt det som en stor styrke å ha frk. Nygård ved min side når dramatikken på fødestuen har antatt høyder som ingen av oss setter pris på.»

Sjølv om det er 40 år sidan ho gav seg og nær 30 år sidan ho døydde, hugsar mange i Norheimsund frøken Nygaard. Den ugifte, barnlause kvinna blir skildra som svært dyktig og som eit ordensmenneske med enorm arbeidskapasitet. Men ho var også ein person med teft for økonomi. Ho var flink til å utnytte alle ressursar til det fulle: Når eit dynetrekk vart fillete, blei det sydd om til laken, så stikklaken, deretter bleie og til slutt navlesnor.

Niesa Liv Solfrid Lid minnest tanta som eit arbeidsjern, snill og travel.

— Me hadde det veldig koseleg saman med henne, men ho hadde det travelt og hadde lite hjelp. Me påpeikte at ho sleit seg nesten ut, fordi ho vakte natt og dag. Det var alltid nokon som ringde med ei klokke!

Kjøpte senkeapparat

Nøyaktig kor mykje frøken Nygaard tente på å hjelpe ugifte mødrer har ikkje vore mogleg å finne ut av. Men likninga hennar viser at ho har hatt til dels god økonomi: I 1967, få år før ho gav seg som jordmor, hadde ho ei formue på 181.000 kroner. Det tilsvarer 1,5 millionar kroner i dagens verdi.

Ho tente godt og unna seg ferieturar. Ho reiste til Syden, og til 60-årsdagen i 1956 var ho på tur til sju av Middelhavslanda, inkludert både Palestina og Egypt, ifølgje avisomtalen på fødselsdagen hennar. Det var svært uvanleg på den tida.

Men ho var òg gåvmild. Frøken Nygaard reagerte på at det var kummerleg når kistene skulle senkast i jorda på gravplassen. Derfor kjøpte ho senkeapparat til kommunen.

Før 1954 var det fritt fram for kven som helst å drive med adopsjonsformidling. Mange jordmødrer plasserte nyfødde barn i adoptivheimar som ikkje var kontrollerte. Det var og fødeheimar på Austlandet som ikkje heldt god nok standard. Styresmaktene prøvde tidleg på 50-talet å stoppe drifta nokre stader.

Då den nye barnevernslova kom i 1954, vart privat adopsjonsformidling forbode. Fryken Nygaard formidla barn gjennom Bergen sunnhetsråd. Sunnhetsrådet skriv i årsberetningane sine på 1950-talet at dei bidreg til å skaffe plass til jenter på landet:

«De mødrer, som av en eller annen grunn vil gi barna sine bort til adopsjon, har barneavdelingen til dels fått plassert hos private på landet.»

Eit par dagar gamle vart barna henta med drosje for å bli mellombels plasserte på barneheim i Os eller i Bergen.

Var mange som gret

— Ho var eit funn for oss her i bygda, minnest Synnøva Aarseth (90), tidlegare sjukepleiar i Norheimsund (bildet).

20120315bel64.jpg
SEAN MELING MURRAY

Ho hugsar godt både frøken Nygaard, adopsjonsformidlingane og ikkje minst mange av dei ulykkelege jentene som kom frå ulike stader på Vestlandet for å gøyme seg. Fleire av dei budde hos Aarseth og mannen. Dei ville gjerne hjelpe dei ulykkelege kvinnene.

— Det var mange som gret, ja. Det er jo klart, det!

Aarseth ville ikkje ha betaling for opphaldet. Det var nok at jentene gjorde litt husarbeid. Nokre av dei kunne vere der opp mot fem månader. Aarseth hugsar spesielt ei jente; ho hadde ikkje fortalt mor si kor ho var, heller ikkje at ho var med barn.

— Du må snakke med mammaen din, sa eg til henne, og ein dag kom mora. Eg hugsar ho kom opp vegen til oss, og jenta såg mor si... Dei sat der nede lenge og prata. Mora var livredd for at eg skulle røpe noko. Det var jo ein skam utan like, veit du, seier Synnøva Aarseth.

Jentene budde hos henne heilt til dei måtte inn til frøken Nygaards fødeheim for å få barnet sitt. Etter det såg Aarseth dei aldri igjen.

ORKA IKKJE KJENNE LIV: Den dag i dag er det kvite huset godt synleg i sentrum av Norheimsund. Då det vart bygd, var det en av dei største bygningane i bygda.

Utover på 1960-talet vart det færre adopsjonar. Skamma over å få barn utanfor ekteskap var ikkje lenger like stor, og ikkje minst kom det fleire støtteordningar for ugifte mødrer. Likevel vart det etablert nye mødreheimar. Distriktsjordmor Aslaug Straume i Øystese opplevde at økonomien var tøff og overlét fødeheimen sin til Øystese Sanitetslag i 1966. For å betre økonomien, bestemte laget seg for å reservere tre rom til kvinner som skulle adoptere bort barna sine, fortel tidlegare helsesøster Magnhild Haug. Ho hadde ansvar for økonomien til mødreheimen i Øystese. I toppåret 1971 budde totalt 22 jenter på mødreheimen.

Men det varte ikkje lenge før behovet forsvann. Først kom Folketrygda, så p-pillene i 1967. Og med abortlova i 1975 fall marknaden for mødreheimar bort.

— Alle desse tre tinga kom på ein gong. Vi la ned fødeheimen i 1977, og dei to siste åra hadde vi knapt nokon der, seier Haug.

Tok i mot 3000 barn

Frøken Nygaard slutta som distriktsjordmor i 1963. Då hadde ho teke i mot over 3000 barn sidan 1924. Men ho heldt fram som privat jordmor i fleire år. 76 år gammal hjelpte ho det siste barnet ut i verda. Ho døydde i 1986.

Framleis er det spor etter henne i Norheimsund. Det digre, kvite huset til frøken Nygaard står framleis. I dag er det renovert og seksjonert til leilegheiter.

Prest Johnny Roy Knudsen i Vikøy sokn blir med jamne mellomrom kontakta av folk som er fødde hos frøken Nygaard. Nokre vil gjerne sjå huset der dei er fødde, medan andre prøver å finne sine biologiske foreldre. Men ikkje berre det. Også mødrer som har født hos frøken Nygaard har ringt til presten for å få vite kor barnet deira er.

— Mødrene har sagt at dei adopterte bort barnet rett etter fødselen. Når dei kjem oppi åra, angrar dei og prøver å finne ut kor det blei av barna.

BT vil gjerne ha kontakt med mødrer som har budd og fødd hos frøken Nygaard. Har du, eller kjenner du nokon som har? Då vil vi gjerne snakke med deg. Kontakt journalist Ingvild Rugland på ingvild.rugland@bt.no eller 98 29 84 43.

TANTEMOR: Johanne Marie Nygaard jobba som jordmor i Hardanger i over 40 år. I tillegg til å vere distriktsjordmor i Kvam, tok ho imot ugifte kvinner frå heile landet. Mange av desse adopterte bort barna sine.
HARDANGERFORLAGET