Fem parti og ei bygdeliste stiller til haustens kommuneval i Selje. Alle dei seks toppkandidatane tek del i det direkte ordførarvalet same dag. I teorien kan vinnaren innta ordførarkontoret med kring 17 prosent av stemmene.

Valforskar Frank Aarebrot meiner kommunar som har valt denne modellen har misforstått.

— Faren er stor for at ordføraren kan komme frå eit parti som ikkje får makt i kommunestyret. Kommunens fremste folkevalde kan komme til å representere det politiske mindretalet. I så fall blir den direktevalde ordføraren redusert til ein marionettfigur. Det skaper eit demokratisk problem, meiner Aarebrot.

Selje-ordførar Gunn Helgesen ser innvendingane, men forsvarar likevel prinsippa.

Symbolfigur

— Ordføraren er uansett ein symbolfigur for kommunen. Og vi har sett fleire døme på at den vanlege ordninga med konstituering etter valet, ikkje er så veldig demokratisk, påpeikar Helgesen.

Ordføraren får langt på veg støtte frå valekspert Bernt Aardal:

— Det er mange døme på at parti som i praksis har tapt valet, rottar seg saman etterpå og tek dei viktige posisjonane. Vi har sett at dette også skjer med parti som normalt står langt frå kvarandre.

Frank Aarebrot meiner likevel det er ein fundamental skilnad: - Det skjer ofte at ordføraren kjem frå eit lite parti, men det skjer etter forhandlingar på bakgrunn av valresultatet. Eit fleirtal i kommunestyret stiller seg bak ordføraren. Det same fleirtalet bind seg også ofte til å samarbeide dei viktigaste sakene, ikkje minst budsjettet.

Politisk ansvar

Aarebrot meiner også modellen med direkteval mellom alle listetoppane fører til at valet blir meir eit partival enn eit personval. Han fryktar også at det vil føre til pulverisering av politisk ansvar. Det synet deler Bernt Aardal:

— Om folket vel ein ordførar som får minimal støtte i kommunestyret, vil han eller ho få vanskar med å gjennomføre lovnader gitt før valet. Fordelen er at ordføraren får eit veldig sterkt mandat frå innbyggjarane i kommunen. Eg trur likevel det må gjerast noko med ordførarrolla dersom dette skal ha noko føre seg, seier Aardal.

KONKURRENTAR: Dei vil alle styre Selje. Åge Starheim, Dag Austring, Gunn Helgesen, Richard Eide, Ottar Nygård og Liv Stave (rekna frå venstre) skal møte folket i kommunen på fire paneldebattar. Ordførarvalet er heilt ope, men mange reknar Frps Åge Starheim som ein liten favoritt.<p/>ODDLEIV APNESETH (foto)