«Jon Jelmert kom til Osterøy hausten 1982.

Han kom snart i kontakt med Osterøy Spel— og Dansarlag der han alt same hausten var i full gang med opplæring av både born og vaksne.

Jon Jelmert var ein idéskapar når det gjeld opplæringsmetodar og han er såleis den som har stått for rekruttering og opplæring av unge felespelarar på Osterøy i meir enn 25 år. Det har ikkje berre vore vanleg gruppeøvingar i eit forsamlingslokale. Nei, det har gjerne vore vel så mykje undervisning i heimane til den einskilde felespelar rekrutten. Han var ein meister til å fanga interessa hjå dei unge rekruttane - og då ofte gjennom leik og moro utanom sjølve felespelet.

Mange av dei, som fekk si første opplæring hjå Jon, har seinare vorte dugande felespelarar og har hevda seg godt med gode resultat på bl.a. landskappleikar.

Jon Jelmert har òg vore brukt som instruktør på mange spelesamlingar og spelekurs både lokalt og regionalt.

Med bakgrunn i dei mange ideane han hadde om opplæring og den erfaringa han etter kvart hadde sanka seg, sette han i gong med å utarbeida eit læreverk i tre delar, «Opplæring i hardingfelespel - nybyrjarslåttar», som kom ut i 1996.

Jon Jelmert var aktiv pådrivar for å få folkemusikken inn i Musikkskulen. Osterøy Spel- og Dansarlag har sidan 1984 nytta Osterøy Kommunale Musikkskule aktivt i samband med opplæring. Det har vore gode samarbeidsforhold i musikkskulen der Osterøy Spel- og Dansarlag, takka vere Jon, i stor grad har vore premissgivande.

Jon Jelmert har undervist i Musikkskulen meir eller mindre samanhengande i over 20 år.

Midt på 1980-talet sette Jon Jelmert i gong arbeid med å samla inn og systematisera - og ikkje minst ta i bruk - slåttar frå Osterøy og Nordhordland. Dette arbeidet omfatta og innsamling av ein del lokal vokal folkemusikk.

Takka vere dette arbeidet har mange lokale slåttar vorte tatt i bruk, og har med det vore nytta både i konsertsamanheng og i tevlingar på kappleikar. Mange av desse slåttane er òg gode danseslåttar med god takt og rytme.

Med Jon har kull etter kull stått fram, år etter år. Dei små 7-8-åringane har leika «fruktsalat» med dei store i laget, mellom økter med felespel. Om slåtten var for vanskeleg, fekk dei rytme-egg, tromme, skistav eller andre heimelaga rytmeinstrument. Det var Jon som fekk det til - at å spela er noko spanande, at å få det til er så utruleg kjekt.

Kvar unge opplever dette store. Jon visste det, og han viste sjølv kor kjekt det er, kvar gong. Dette ser me. For oss foreldre er det ei oppleving, kvar gong. Me ser kor glade musikarane er, kor stolte, så kjekt dei har det. For alle ei oppleving. Dei minste sjarmerer, dei unge lever seg inn i slåtten, og me foreldra vert rivne med. Hardingfelemusikken her, med Jon, er meir enn prestasjonar.

Jon kom av seg sjølv, som det heiter i eventyret, ein fredagskveld, og held fram laurdagen, med konsert på sundagen.

Med eitt var Jon der, i den raude bilen sin, helg etter helg. Dei visste knapt kor han kom frå. Dei visste heller ikkje kor han budde, til nokon oppdaga at han overnatta i den raude bilen. Då bad Åshild og Rune Revheim han omgåande heim til seg. Der fekk han fast overnattingsplass, og ein stolt rekrutt, Helga, kunne fortelja at ho hadde spelelæraren buande heime hjå seg.

Helg etter helg, år etter år. Jon fekk låt i felene til dei små, kvar einskild, på laus streng, før dei straks øvde lagspel med songane dei nyss hadde lært. Så kom slåttane. Jon laga dei, som øving for dei ferske spelemennene, småjentene, smågutane. Dei fekk læra det heile. Dei fekk vera med å laga musikken, med leik og alvor. Det var på denne måten Jon lærte dei. Med Jon fekk dei gjera urframføringar før dei visste skikkeleg kva ein slått var, og på sundagen vart det konsert for foreldra.

Ved den minste tilstelling, for andre lag, på ymse opningar, bokkveldar i mållaget, på biblioteket, på museumsdagane. Jon var der med småspelemennene, sundag som torsdagskveld og måndagskveld. Osterøy-samfunnet kunne alltid rekna med dei minste, fordi alle kunne rekna med Jon.

Når ungdommane nådde junioralder, og byrja på vidaregåande, måtte mange flytta frå bygda, men frå Jon er det ikkje så lett å flytta. Han er ikkje ein mann du kan flytta frå. Han kjem etter, han kjem der du bur. Ein kort runde på telefonen, så er fellesøvinga på plass. Ungdommen er på plass, også dei frå byen er attende. Dei finn kvarandre att, på nye lagsøvingar, nye prosjekt, og på hytteturar med øving heile helgar. Å reisa for å møtast og spela er vorte heilt naturleg. Jon sine spelesamlingar har øvd dei opp til det. Det har vorte eit sterkt og gjevande lagsarbeid.»

_Ført i pennen av:

Geir Reigstad, heidersmedlem i Osterøy Spel— og Dansarlag

Svein Hatløy, lagsmedlem i Osterøy Spel- og Dansarlag_