Både Haukelifjell, Hardangervidda, Hemsedalen, Årdal-Tyin, Aurland-Hol, Strynefjellet og Filefjell er no stengde. I følgje Statens vegvesen vil fleire av vegane ikkje bli prøvd opna i dag. Også Vikafjellet er stengt.

I Sogn og Fjordane har stormen "Sondre" no slått til for fullt. Kraftige torevêr over fylket både i går kveld, i natt og i morgontimane har skapt store vanskar for straumforsyninga og telefonsambandet.

Verst har det vore i Sunnfjord der så godt som heile Askvoll kommune framleis er utan straum. Også i Jølster, Hyllestad, Gaular og Fjaler har mange vore utan lys i morgontimane, men der skal dei fleste no ha fått att straumen.