Rapporten kan føre til at staten må ta ansvar for omsorgssvikt og overgrep mot dei som har vore ved institusjonane. Mange av dei slit i dag med seinskadar og øydelagde liv. Dette ansvaret har alt Bergen kommune teke på seg for dei barna som som leid overgrep i Bergen kommune.

Utvalet er oppretta som ein følgje av at det i ein granskingsrapport i sommar vart slått fast at det har vore oppfattande omsorgssvikt og overgrep mot barn på institusjonar i Bergen. Granskingsrapporten vart til etter omfattande avsløringar i BT.

Det er professor Edvard Befring som skal leie utvalet. Granskninga skal omfatta tilhøva på barneheimane i tida mellom 1945 og 1980.

Befringutvalet skal sjå kritisk på rapporten som er laga av Bergen kommune.

Klar i år

— Vi skal leggje fram ein førebels rapport i april i år. Den endelege rapporten skal vere klar ved utgangen av året, seier Befring.

— I siste fase av arbeidet må vi sjå på om samfunnet har forsømt seg på ein slik måte at enkeltindivid er påført liding og skade. Der kjem spørsmålet om erstatning inn, seier Befring til Bergens Tidende.

Utvalet skal samlast 14. januar. Stiftelsen rettferd for taperne er invitert til det første møtet.

Jølstringen Befring leia også utvalet som i 2000 la fram utgreiinga som førte til barnevernsreforma. Han er tilknytta Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Befring får med seg tre andre professorar frå Universitetet i Oslo og Høgskulen på Lillehammer i det såkalla Befring II-utvalet.

Straum av skuleheimsbarn

I samband med avdekkinga av barneheimssakene, er det også blitt hevda at barn som vart plasserte ved spesialskular vart utsette for omsorgssvikt og overgrep. Stiftelsen rettferd for taperne ventar at 500 tidlegare skuleheimsbarn kjem til å ta kontakt med foreininga i år.

— Vi har merka at stadig fleire tidlegare skuleheimsbarn kjem til oss etter opprullinga av barneheimssakene, seier generalsekretær Ola Ødegaard i Stiftelsen rettferd for taperne.

Spesialskulane, eller skuleheimane, var for barn med hørselshemmingar, synshemmingar, talehemmingar, barn med seint utvikla evner og tilpassingsvanskar. Dyslektikarar og barn med kjenslemessige forstyrringar hevdar seg feilplasserte ved slike spesialskular.

Eikelund offentlige skole på Paradis og Ulvsnesøy skole i Bruvik er døme på slike skular.

Skal sjå på feilplassering

— Dette med feilplassering er eit viktig spørsmål her. Men når vi skal gjennomføre ei nøktern vurdering, må vi ha det utgangspunkt at tiltaka blei etablert i beste meining. Enkelte institusjonar makta ikkje oppgåva på ein tilfredsstillande måte. Ein institusjon kan lett utvikle seg i uheldig retning. Difor er tilsyn og oppfølging så viktig, seier Befring.

Mandatet til utvalet er noko uklart når det gjeld spesialskulane.

— Spesialskulane er ikkje nemnt spesielt i mandatet. Men vi skal sjå på institusjonar, og spesialskular er også institusjonar, seier Befring.