Dersom Magne Skjeldal heitte Magne Andersen, ville han truleg fått plass i nye Bjørgvin bispedømeråd.

Kvifor?

Fordi gardbrukaren frå Bulken dermed ville stått øvst på vallista i Bjørgvin. Kandidatane til landets bispedømeråd var nemleg rangerte alfabetisk, og alle som stod øvst på dei 11 listene kom inn, viser BTs gjennomgang.

— Eg og la merke til at kandidatane som kom inn stort sett hadde etternamn som tok til med ein bokstav tidleg i alfabetet, seier Skjeldal.

Les også:

— Veljarane, ikkje valordninga, har ansvaret for valresultatet

Kom inn mot eige ønskje

Askeland, Aukan, Antonsen. Berg, Birkedal, Bakkum. Alle som trona øvst på vallistene til landets bispedømeråd har etternamn på A eller B.

Og alle kom inn.

Også Bodil Birkenes, først i alfabetet og dermed øvst på lista over kandidatar til bispedømerådet i Bjørgvin. På førehand frykta ho at «topplasseringa» kunne spele inn.

— Ja, eg har vore redd for at listeplasseringa kunne ha noko å seie, seier Birkenes.

- Trur du at det har gjort utslag?

— Eg veit jo ikkje. Dersom folk ikkje har lese heile lista, kan det ha gjort det. Men eg veit jo ikkje.

- Er du glad for at du kom inn?

— Nei. Eg vart aldri spurt på førehand om eg ville stå på lista, og er for så vidt ikkje glad for det. Det var ikkje dette eg hadde tenkt å bruke tida mi på no, seier Birkenes.

— Men eg har respekt for dei som har valt meg inn, og skal prøve å gjere ein så god jobb som mogleg.

- Vi får vel gratulere deg med plassen?

— Ja, eg får vel seie takk, då.

Beinvegen for A og B

Rådgjevar Jens Z. Meyer i Bjørgvin bispedøme stadfestar at det kan sjå ut som om kandidatar på toppen av vallista kan ha hatt ein fordel.

— Ser vi på listene samla, er alle som stod øvst blitt valde inn, seier Meyer.

- Det hjelper altså med eit etternamn på A eller B?

— Det kan ha vore ein ulempe å stå lenger nede på lista, men det skal ikkje eg spekulere i.

Dersom første bokstav i etternamnet viser seg å vere avgjerande for om ein kandidat kjem inn eller ikkje, er det noko feil med valordninga, seier Magne Skjeldal.

— Men dette kan vi ikkje slå fast sikkert. Det er berre teori. Det endelege svaret får vi først når kyrkjevalet er evaluert, understrekar han.

- Skulle du ønskje at namnet ditt var Magne Andersen, då du stilte til val?

— Akkurat i denne samanhengen hadde det truleg vore ein fordel, ler Skjeldal.

Ventar på forskarane

At alfabetisk rangering kan ha favoriserande effekt i ulike samanhengar, er kjent. Men då Kyrkjemøtet vedtok å gå for eit såkalla preferanseval med alfabetisk rangering, var intensjonen å flytte makt frå nominasjonskomiteane til veljarane.

Prosjektleiar i Kyrkjerådet, Sissel Vartdal, vil ikkje spekulere i om valordninga kan ha slått urettferdig ut.

— Eg ser berre det same som du, men vil ikkje gå inn i analysar. Det er altfor tidleg. No skal dette valet evaluerast, og alle erfaringar leggjast fram for Kyrkjemøtet, seier Vartdal.

Også direktør i Kyrkjerådet, Jens Petter Johnsen, vil vente på konklusjonane til forskarane. Men dersom første bokstav i etternamnet avgjer kven som får plass i eit bispedømeråd, kan det vere eit demokratisk problem, vedgår han.

— Ja, på same måte som andre måtar å setje opp lister på også kan innebere demokratiske problem. Til dømes har nominasjonskomitear stor makt. Dette handlar ikkje først og fremst om alfabetet, men om kven som står først på listene.

Trur du kyrkjevalet var rettferdig? Bruk kommentarfeltet.