Alexela får lov til å drive oljeterminal i Sløvåg.

— Vi har eit mål om å starte drifta alt i vår, seier direktør Håkon Ivarson.

Klima— og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT) har i dag gitt Alexela Sløvåg AS løyve til å drive tankanlegget i Gulen som oljeterminal.

Ivarson seier det er sett strenge vilkår for terminaldrifta i Gulen.

— Men dette er i tråd med det vi har lagt opp til. Vår ambisjon har vore og er at terminalen skal drivast innanfor omfattande krav til tryggleik, både av omsyn til så vel tilsette, brukarar og naboar som landskap og miljø, seier Alexela-direktøren.

Klima- og forureiningsdirektoratet har som ein del av arbeidet med Alexela Sløvågs søknad samarbeidd med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Også DSB skal gje løyve før drifta av oljeterminalen kan starte.