Etter meir enn 20 år fram og attende, har Voss kommunestyre bestemt at nytt kulturhus skal byggjast ved Vangsvatnet, rett nedanfor jernbanestasjonen. Prislappen er komen opp i 100 millionar kroner.

Kinosenter

Kulturhuset skal ikkje innehalda nokon stor sal til konsertar og liknande. Difor har det vore hevda at ein eigentleg byggjer eit bibliotek med noko attåt, men kallar det kulturhus for å tekkjast Voss Sparebank, som har gitt tomta i gåve. I innspurten er det likevel gjort endringar som forsvarar nemninga kulturhus betre. Eit kinosenter med tre kinosalar har fått plass. Noverande store kinosal ved Tinghuset skal etter planen rustast opp til konsert— og teatersal.

Dei tre kinosalane har ulike storleikar, alle langt mindre enn Voss kino i dag (475 sete). Kinoen vart opphavleg bygt med 525 sete, og vil truleg koma ned i rundt 450 ved utviding av scenen.

Bøker i garderobe

Nye lokale for Voss Bibliotek blir eit dominerande element i huset. Biblioteket har lenge levd kummerleg i leigde lokale, og dei siste månadene i provisorium, dels i garderoben til Voss kino, dels i kommunestyret sin møtesal.

Også turistinformasjonen, kulturskulen og nokre kommunale kontor får lokale i kulturhuset. Innsparde husleigeutgifter er basis for finansieringa i ein kommune med tom kasse. I tillegg reknar ein med overskot på kinodrifta.

Angrefrist

Det samstemte kommunestyret ber prosjektgruppa arbeida vidare med hovudprosjekt, tilbodsdokument og kvalitetssikring av finansieringsplanen før kommunestyret gjer det endelege vedtaket om byggjestart til hausten. Her ligg med andre ord ein innebygd angrefrist.

Prosjektleiar Olav Bjørke legg særleg vekt på den regionale verdien kulturhuset får. Vangen er regionsenter for 25.000 innbuarar i Indre Hordaland. Også som skulesenter har Voss god nytte av eit vel fungerande bibliotek og eit variert kinotilbod.

Likevel er det lite å henta av statstilskota til regionale kulturhus.

Fleirtalet i Voss formannskap er blitt skarpt kritisert for ikkje å sikra seg det konkursråka kulturhuset Fraktgodsen til mangslungne aktivitetar som ikkje får plass det nye kulturhuset og ein ombygd kinosal.