Av Erlend Spurkeland

— Det var ikkje meininga å verta verande her. Erling Førde (76) stryk handa ettertenksomt gjennom bølgjande grått hår.

— Tre månader rekrutt skulle vera mi tid på fortet.

50 år vart han her og ingen veit meir om Skjeljanger fort enn han. Om dei 1200 måla som gjer fortet til det største på Vestlandet, om dei ti-tolv synlege bygningar og store underjordiske anlegg. Eit nesten to km langt piggtrådgjerde rammar inn anlegget på det forblåste neset som kløyver nordvesten mellom Hjeltefjorden og Mangersfjorden. I gamle Herdla kommune.

Giftarmål

— Eg starta i lyskastartroppen, minnest han. Fjorten mann hadde ansvar for eit monster av ein lyskastar med diameter på to meter. Ein levning etter tyskarane, som hadde tre-fire hundre mann på Skjeljanger under krigen. Dei bygde ut fortet mykje. Etter oppstart seint i 1938 var det berre sju-åtte nordmenn der då krigen braut ut.

Rekrutt-tida på Skjeljanger vart alltid avslutta med stordans på fortet. Slik også for Erling. Der møtte han Klara, frå bygda. Det vart søt musikk, og Erling søkte seg tilbake. Seinare kom ekteskap og seks døtrer.

— Men han har han no vore like mykje gift med fortet i tillegg, ertar Klara godsleg.

Sleit ut hundane

Smilande fortel Erling at det seinare var hans jobb å dra til Bergen med marinebåt og henta Kløverhusdamer til rekruttdansen, og frakta dei tilbake utpå morgonen. Stundom vart det også spedd på med husmoremne frå husmorskulen på Fløksand. Sidan Skjeljanger var veglaus, gjekk all frakt sjøvegen. Også gudsord fekk rekruttane på Skjeljanger med båt. Ein gong for månaden kom feltpresten ut frå byen, heldt si gudsteneste, og drog tilbake til byen. Mellom dei seinare biskop Per Lønning.

Kvar dag gjekk Erling sin vaktrunde rundt på anlegget.

— Eg var i god form, då, lengtar han. - Sleit ut tre sjæferhundar. Båtturistar kom seg fort på fjorden att når lausgåande og gøyande vakthund nærma seg. - Det var under den kalde krigen, legg fortpensjonisten forklarande til.

Vandring

Men den tid er forbi no. I dag er han tilbake på fortet etter fem år som pensjonist. Saman med den nye tilsynsmannen. Det er både spennande og litt vemodig.

— Det var her eg hadde mitt liv, seier han, og mønstrar, vurderer, granskar. Om det er shipshape.

Vi kjem opp til hovudporten med den defekte telefonen. Eternitkledde bygningar i ymse stilartar, fargar og storleikar ligg på begge sider av Skjeljanger fort main street. Her er piggtråd, anonyme antenner, master, skyteskår, sement, rust, olivengrøne lok og anna hemmeleg.

Inne i fjellanlegget er det lange neonopplyste gangar. Gråmala trapper, ståldører og stadig nye gangar, oppover, nedover, til sides. Alt er gullande reint. Opp ein stige og langs ein låg gang; kommandosentralen. Dagslyset kjem inn i 180 grader horisont gjennom den femten-tjue cm høge betongspalten. Grove militærtelefonar, kikkertfeste, ledningar, skivebord, og ei veggklokke som har tatt pause på fem over eitt. Alt dekka av eit tynt lag med flassande kalkpuss.

Uviss framtid

Men horisonten er vid. Fedje, Ut-Toska, Marøy, Stura, Kollsnes, Herdla. Her slepp ikkje skip usett forbi, verken dag eller natt. Kulingen kvitar på fjorden, det bryt på merka og umerka skjer og grunner. Skjelangerfyret der den tremastra barken «Eline» av Kristiansund vart knust ei stormnatt i 1912 og 11 menneske omkom.

Kva skjer så med Skjeljanger fort? Beredskapsfort, sal, friområde? Privat eller offentleg? Det er det ingen som veit i dag.

<b>PÅ GAMLE TOMTER</b>: I femti år arbeidde Erling Førde på Skjeljanger fort. Inntil hundre mann var det her på det meste. I dag er Førde pensjonist og har overlete tilsynsmannsjobben til ein annan.
FOTO: Erlend Spurkeland