— Det var ikkje snakk om at arbeidet mitt skulle leggjast ned. Men for å koma uvissa i forkjøpet, tenkte eg att og fram på om eg skulle starta for meg sjølv med eit yrke eg kunne, seier Hilde Lyngås, gravør og skiltmakar.

Den 37 år gamle tobornsmora starta i Aker Elektro i 1996, og slutta i Aker Kværner Power and Automation Systems - ei Sagvåg-basert, utskilt produksjonsavdeling i Aker Elektro - ved årsskiftet.

Knoppskyting

Etter kvart som Aker Stord og tidlegare Aker Elektro har strigla forretningsprofilen, har det resultert i utskiljing - outsourcing om ein vil - av ei rekkje gjeremål som ikkje går direkte på hovudaktiviteten.

Det starta med kantinedrifta i 1999, heldt fram med it- og databedriftene Sireko og Palantir i 2000. I 2003 oppstod Asator ved ei utskiljing og eit oppkjøp av Aker Kværner Elektro sin industri- og marinedivisjon. I fjor lanserte verft- og elektrokjempa på Stord industriinkubatoren - fødselshjelparen - Vekst Industri Sunnhordland. Og i år oppstod kompetanse- og servicebedrifta Advantec gjennom nok ei utskiljing frå Aker Kværner Elektro.

Flygande start

Hilde Lyngås kjøpte graveringsmaskina som ho jobba med på Aker, investerte i nytt datautstyr og etablerte seg på nyåret i leigde lokale ved sida av Bravida, reklameskiltselskapet Byrået og Bladet Sunnhordlands trykkeri på Heiane.

Eit låneopptak på 150.000 kroner er det ho har investert i så langt. Men vil no i tillegg prøva å få støtte til marknadsføringstiltak.

Enno manglar ho ikkje oppdrag. Ho fekk med seg kundebasen frå sin tidlegare jobb. Og leverer skilt i plast, stål eller aluminium til ymse Aker-bedrifter. Det er elektrotavle-skilt, logoskilt, fåre- og rettleiingsskilt for industrien det handlar om i første omgang. Blant anna er ho og den datastyrte graveringsmaskinen i ferd med å laga skilt til gassfabrikken som Aker Stord byggjer på Melkøya i Finnmark.

Angrar ikkje

— Overgangen til å driva for seg sjølv har vore stor. Men eg angrar ikkje. Eg har mykje å gjera, har framleis god kontakt med gamle kollegar og har eit skilt- og trykkerimiljø å støtta meg på her på huset, seier Hilde Lyngås.

Som alt har tenkt på å investera i ein ny lasergraveringsmaskin.

UTSKILT MED SKILT: Hilde Lyngås tok skiltkunnskapen med seg frå industrikjempa Aker og starta skiltproduksjonsbedrift for seg sjølv. FOTO: OVE OLDERKJÆR