Åleine med kongen

I fjor flytta Ragnar Nese (29) og Ingvild Helene Hellandsjø (31) med tre døtre til Skjerjehamn. Ein oter er den einaste naboen.

– I mai i fjor fekk me telefon frå Ola Braanaas med spørsmål om me ville flytta til Skjerjehamn og driva kultur- og konferansesenteret som han har bygd opp her. Eit par dagar seinare begynte me å pakka, fortel Ragnar Nese, som har jobba for fiskeoppdrettar Braanaas i fleire år.

Med det blei familien dei einaste fastbuande på øya i Gulen.

– Så langt har det vore litt av alt, eigentleg. Nokon dagar har det vore einsamt, andre dagar nesten for mykje folk, seier Nese.

Lite eventyr
Han, Ingvild Helene Hellandsjø og dottera Alvild (1) står framfor den omdiskuterte statuen av kong Olav med den store handa, som til slutt enda opp på Skjerjehamn. Sola er på ein sjeldan visitt.

– Me ser på det som eit lite eventyr. Det er veldig spennande, seier Nese.

Han er frå Askøy og Hellandsjø frå Tromsø. Før dei flytta budde dei på Sotra.

Det er i alt 72 sengeplassar på det nye kultur- og konferansesenteret. Om sommaren satsar dei på båtturistar. Resten av året er hovudmålgruppa konferansegjester.

I den nyrestaurerte sveitservillaen som høyrer til senteret er det også atelier på loftet.

– På sikt skal me få til ei legatordning for kunstnarar. Tanken er at ein kunstnar skal koma og bu her og bruka atelieret, fortel Hellandsjø.

Gjer alt sjølve
I sommarsesongen leiger dei inn ekstra folk. Elles gjer dei alt sjølve.

– Me serverer, lagar mat, vaskar og gjer kontorarbeid. Men når me har store bedrifter på besøk leiger me inn ekstra kokkar, seier Hellandsjø.

– Har de angra?

– Nei. Det blir ein livsstil å jobba sånn som dette. Me får sjansen til å vera meir med barna våre enn om me hadde hatt ein 8-16-jobb. Men samtidig ringer telefonen heile tida, seier Hellandsjø.

Liker kongestatuen
Kongestatuen er ifølgje paret godt besøkt. Dei synest statuen passar perfekt inn i landskapet på Skjerjehamn.

– Eg synest statuen er kjempefin, og forstår ikkje heilt debatten om den store handa. Det er jo gjort for å visa at kongen hadde eit fast grep om folket. I tillegg er det fleire som har sagt at kong Olav faktisk helste på den måten, seier Hellandsjø.

Paret blir på Skjerjehamn på ubestemt tid.

– Så lenge me føler at me kan bidra med noko, blir me, seier Nese.

– Saknar de ikkje å bu på ein større plass?

– Nei, det er jo kort veg til byen. Viss det klaffar med ferjene, tar det berre 1,5 time til Bergen, fortel Nese.

Dei anbefaler andre å gjera det same om dei får sjansen.

– Viss det er sånn at me berre lever ein gong, kvifor ikkje? Ein får til det ein vil få til, seier Nese.

Plasseringa av kongestatuen var omdiskutert. Synest du den høyrer heime på Skjerjehamn? Sei di meining her.

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Relaterte bilder

FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger