• Eg har aldri før sett at Oljedirektoratet har brukt så sterke ord mot eit oljeselskap på norsk sokkel, seier Roy Erling Furre i Oljearbeidernes Fellessammenslutning (OFS).

Han meiner ganskinga av dødsulykka har avdekt grov slendrian og fullstendig mangel på styring i Hydro-systemet.— Oljeindustrien framstår som veldig velregulert og som best i klassen på tryggleik. Her får vi sjå ein heilt annan realitet. Dette er ei forferdeleg alvorleg ulykke som lett kunne vore unngått, seier Furre.OFS har sendt eit brev til Oljedirektoratet der dei ber om at det blir sett trykk bak arbeidet for å innføre fagbrev for kranførarar. Dei ber også om at det blir innført spesifikke krav til løfteoperasjonar offshore.