Ein januarkveld for seks år sidan fekk Rune André Brakstad auge på Aina Merete Steinsland på dansegolvet på Engelen. Dei var på byen med kvar sin vennegjeng. Då det blei stengetid og lysa kom på, sat framleis Aina Merete og Rune André og prata. Sidan har det vore dei to.

Ni månader sidan

No er det ni månader sidan vesle Robin kom til verda. Gullungen har feber og er på ingen måte i toppform då avisa kjem på besøk heime i det nybygde huset på Frekhaug som har flott utsikt over fjorden. At det er fokus på parforhold i heimen, vert understreka av dei romantiske figurane som pyntar opp i stova der mann og kvinne omfamnar kvarandre.

Aina Merete(29) og Rune André er eit av fire par i Meland som har vore med på «God start»-kurset. Rune André innrømmer at han var litt usikker før den første av i alt to kurskveldar. Sidan han ikkje visste kva som venta, lurte han på om det var slik at han og kona måtte legge ut om eventuelle samlivsproblem med andre kursdeltakarar frå kommunen som interesserte tilhøyrarar. Slik blei det heldigvis ikkje.

Snakke saman

— Sjølv om vi kanskje ikkje trengte eit samlivskurs på ståande fot her og no, er det greit å være førebudd på kva som kan kome rundt neste sving. Det å snakke saman, trur eg løyser veldig mykje. Hvis eg ser at det er noko som plager Aina Merete, så prøver eg å få ut av henne kva det er, seier Rune André.

Aina Merete elskar å diskutere, og ser ikkje bort frå at er årsaka til at paret berre diskuterer i staden for å krangle.

— Til dags dato har vi aldri krangla, vi er nesten litt overraska over oss sjølve! Men eg kan bli flinkare til å lytte utan samstundes å klekke ut nye argument. Vi har ikkje så mykje tid til å være kjærastar etter at vi fekk Robin. At den første tida etter han blei født, ikkje tærte på forholdet vårt, handlar om at vi klarte å snakke om korleis det var, fortel Aina Merete.

Kolikkbarn

Vesle Robin sleit nemleg med kolikk dei første månadane etter fødselen. På grunn av mykje sjukdom på jobben, hadde Rune André samstundes lange arbeidsdagar på mellom 12-14 timar.

— Sidan eg fekk kvile om natta, klarte eg å ta meg av guten på ettermiddagstid, slik at Aina Merete fekk sove då. På den måten klarte vi det, seier 29-åringen.

— Har de gode tips til andre småbarnsforeldre?

— Små bagatellar kan bli store til slutt. Snakk om ting før dei blir eit problem. Nokre gonger treng eg berre at mannen min høyrer på meg. Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Kose seg saman med litt god mat eller finne på noko kjekt, seier Aina Merete.

Tur på byen

— Eit par gonger i månaden foreslår eg gjerne for Aina Merete at ho skal ta seg ein tur på byen eller gå på shopping saman med venninner mens eg er i lag med Robin. Ein halv fridag blir raskt eit høgdepunkt i kvardagen, understrekar Rune André.

— Kva er det beste med Aina Merete?

— Alt! Heile vesenet, seier Rune André spontant.

— Vi utfyller kvarandre. Eg er utålmodig, han er tålmodig. Rune André er roleg, eg er meir full fart. Det aller beste med Rune André er at han er verdas snillaste mann, seier Aina Merete.